Andre pinsedag var det banestemne på Øyfjell skjotebane.

Banestemne i Øyfjell andre pinsedag

Til saman 87 skyttarar frå 26 ulike skyttarlag samla seg til banestemnet i Øyfjell andre pinsedag. Her er eit bildedryss frå stemnet – og resultatlista.

Publisert Sist oppdatert
Det vert litt bagasje når eit skal skyte. Olav Anker og Julie Tørnes Kleiv har tatt turen frå Tørdal til Øyfjell for å delta på 2. pinsedagsstemnet, og lesser jakker, bukser, sko og våpen ut av bilen. Seinare på dagen blir det klart at Julie er best i klasse 3 i hovudskytinga, og dankar ut to karar frå Øyfjell og ein frå Lunde. Olav Anker vinn si klasse – men han er den einaste i klassa eldre junior 18-19 år.
– Dette er ei oldtidsjakke, seier Knut Nylend frå Rauland. Han gjekk av med AFP seg for litt sidan, og då starta han opp att som børsemakar og våpenseljar, og tok opp at skytehobbyen. Børsa han skyt med er ein Tikka T3 (med anna skjefte) og kikkertsikte, og dermed stiller han i «kikkertklassa».
Knut Nylend deltek i «kikkertklassa», og skyt berre liggande. Dermed har han ganske god tid på skota – han har tre minutt, men er gjerne ferdig på to. – Det er verre om ein skal skyte nokre ståande, nokre på kne og nokre liggande, ler Nylend. Likevel set han telefonen i flymodus og finn fram timeren, slik at han kan ha eit auge på klokka.
Ein til som tenker å skyte i kikkertklassa på 2. pinsedagsstemne i Øyfjell.
Jakka er litt stiv, synest Teo Andrei Evensen Marciaò Ørting (11). Han kjem frå Notodden og stiller i klassa «nybegynnar ung». Han har skyte i eitt år, og pinsestemnet i Øyfjell er det fyrste stemnet han er med på.
Teo og far hans, Bjørn Egil Evensen Ørting, starta med skyting for eit år sidan. – For å ha ein far-son-ting, smiler faren. Dei to er frå Notodden og pinsedagsstemnet i Øyfjell er deira fyrste stemne.
Vegard Saksebø (22) er frå Drøbak men er for tida idrettslærarstudent i Notodden. Han har haika med nybegynnarane Teo og Bjørn Egil til pinsedagsstemnet i Øyfjell. Sjølv har Saksebø skote sidan han var åtte år.
Stein Rui frå Sem skyttarlag har akkurat vore på stemne i Valdres, og er nå på plass på pinsedagsstemnet i Øyfjell. Han fortel at det er stemne ein eller annan stad mest kvar einaste helg, slik at ein kan reise kontinuerleg frå stemne til stemne om ein vil. Denne måndagen i Øyfjell vert Stein beste skyttar i klasse V65.
Thor Inge Levang (f.v.) og Jon Kjell Lien (t.h.) har teke turen frå Fyresdal til Øyfjell for å skyte, og det har også Arne Palerud (midten) frå Drangedal. – Me kjem hit ein gong i året, når det er stemne, seier karane. Så kjem dei på at det er to stemne i Øyfjell kvart år. – Nei, vent det er innandørsstemne også. Tre, da, ler dei.
Jon Kjell Lien viser korleis ein kan følge med på pinsedagsstemnet på mobilen. – Då går ein inn på results.megalink.no.
Anbjørg Rorge Tjønn, Heine Vinjerui-Bergland og Åne Vinjerui-Bergland tek eit slag kort innandørs. Etterpå skal både Anbjørg og Åne skyte.
Ole Nyhus og Monika Rorge tek imot påmeldingane.
Primus motor i Øyfjell skyttarlag Helge Rorgemoen er sjølvsagt med og held i trådane på pinsedagsstemnet i Øyfjell.
Det er ikkje tvil om kva denne karen heiter. Roar Hauge har tatt turen frå Melum, og fortel at det kjem øyfjellingar ned til dei og skyt omtrent kvar helg. – Så då må me oppover også, seier Hauge.
Roar Hauge frå Melum med skylappane på.
Ein skyttar som er klar til dyst på pinsedagsstemnet i Øyfjell.
Teo (11) frå Notodden er klar til å skyte.
Torgeir Lia og ei rekke andre skyttarar klare til dyst på pinsedagsstemnet i Øyfjell.
Inne i kafeen kan ein følge med på treffa – her har eit av prøveskotta til Jostein S. Skolås treffe nesten midt i. Den som vil følge med på pinsedagsstemnet skott for skott heimefrå kan gå inn på results.megalink.no.
Trøbbel: Fyrst er det skive 1 som mistar kontakten, så er det skive 5. Sigmund Lid (t.v.) og Roy Gunnar Bergland prøver å løyse problemet, men må til slutt ta ei pause i skytinga slik at dei kan bort til skivene og sjekke sensorane.
Trøbbel: Helge Rorgemoen (nærast) får hjelp av Anbjørg Rorge Tjønn og Åne Vinjerui-Bergland når skive 5 også kuttar. Det endar med at det blir ei lita kakepause medan sensorane borte på blinken blir sjekka.
Parkeringsplassen blir fort full når det er 2. pinsedagsstemne i Øyfjell.

Resultat frå banestevnet i Øyfjell 9. juni 2025:

Meisterskap (med finaleomgang): 

Klasse 3-5: 1. Jørand Aas, Lunde (5) 347, 2. Rune Albjerk, Jondalen (5) 347, 3. Tor Christian Mathisen, Bamble (5) 346, 4. Runar Tveito, Lunde (5) 343, 5. Jan Kåre Moland, Drangedal (5) 342

Klasse 2: 1. Arve Øystein Naas, Drangedal 334, 2. Monika Rorge, Øyfjell 322, 3. Jan Frode Rosland, Tørdal 227, 4. Martin Melby, Bamble 220

Klasse 1: 1. Finn Erik Loftsgarden, Mælum 336

V55: 1. Ole Dorholt, Lunde 346, 2. Per Kristian Aas, Lunde 344, 3. Stein Taanevig, Mandal 344, 4. Geir Lindheim, Drangedal 344, 5. Arnt Bruseth, Mælum 339

V65: 1. Stein Rui, Sem 349, 2. Lars Esse, Bamble 347, 3. May Lise Aas, Bolkesjø 342, 4. Rannveig Karlsen, Mælum 249, 5. Thor Inge Levang, Fyresdal 248

Eldre Junior 18-19 år: 1. Olav Anker Tørnes Kleiv, Tørdal 327

Junior 16-17 år: 1. Torbjørn Tørnes Naas, Drangedal 348, 2. Even Solstad, Øyfjell 344, 3. Vetle M Loftsgarden, Rauland 343, 4. Åne Vinjerui Bergland, Øyfjell 341, 5. Malli Neset, Rauland 340, 

Eldre rekrutt 14-15 år: 1. Sara Iselin Gauksrud, Gransherad og Heddal 350, 2. Signe Sætre, Drangedal 349, 2. Elise Evensen Austad, Drangedal 349, 4. Sindre Svalebjørg Slokvik, Sauherad 346, 5. Maria Steffensen Øygarden, Lunde 338, 

Rekrutt 11-13 år: 1. Astrid Sætre, Drangedal 342, 2. Troy Taner Øygarden, Drangedal 335, 3. Martin Steffensen Øygarden, Lunde 334, 4. William Kaste Lunde, Notodden 331, 5. Jone Solstad, Øyfjell 149

V75: 1. Halvor Øyen, Sauland 350, 2. Jan Ekstrøm, Sem 349, 3. Olav Seland, Gransherad og Heddal 348, 4. Jan Tore Rogn, Bamble 348, 5. Vidar Omslandseter, Porsgrunds 347, 

Hovudskyting: 

Klasse 5: 1. Jørand Aas, Lunde 247, 2. Tor Christian Mathisen, Bamble 247, 3. Rune Albjerk, Jondalen 247, 4. Runar Tveito, Lunde 245, 5. Jan Kåre Moland, Drangedal 243, 

Klasse 4: 1. Kai Tore Austad, Tørdal 243, 2. Atle Bakken, Siljan 241, 3. Olav Brennemo Eriksen, Kviteseid 240, 4. Daniel Kittilsen, Lunde 239, 5. Birger Heimdal, Nissedal 235, 6. Knut Melby, Atrå 233, 7. Vegard Saxebøl, Frogn og Drøbak 233, 8. Roar Hauge, Mælum 231, 

Klasse 3: 1. Julie Tørnes Kleiv, Tørdal 233, 2. Henrik Dorholt, Lunde 229, 3. Morten Seltveit Skolås, Øyfjell 229, 4. Jostein Seltveit Skolås, Øyfjell 208, 

Klasse 2: 1. Arve Øystein Naas, Drangedal 240, 2. Monika Rorge, Øyfjell 230, 3. Jan Frode Rosland, Tørdal 227, 4. Martin Melby, Bamble 220, 

Klasse 1: 1. Finn Erik Loftsgarden, Mælum 242, 

V55: 1. Per Kristian Aas, Lunde 247, 2. Ole Dorholt, Lunde 246, 3. Geir Lindheim, Drangedal 245, 4. Stein Taanevig, Mandal 245, 5. Arnt Bruseth, Mælum 243, 6. Sigmund Lid, Øyfjell 243, 7. Jan Henning Loftsgarden, Rauland 240, 8. Halvor Loftsgarden, Rauland 240, 9. Bernt Einar Moland, Drangedal 238, 

V65: 1. Stein Rui, Sem 250, 2. Rannveig Karlsen, Mælum 249, 3. Thor Inge Levang, Fyresdal 248, 4. Lars Esse, Bamble 248, 5. May Lise Aas, Bolkesjø 246, 6. Olav Dagfinn Bergland, Fyresdal 239, 

Eldre Junior 18-19 år: 1. Olav Anker Tørnes Kleiv, Tørdal 228, 

Junior 16-17 år: 1. Torbjørn Tørnes Naas, Drangedal 249, 2. Even Solstad, Øyfjell 246, 3. Vetle M Loftsgarden, Rauland 244, 4. Åne Vinjerui Bergland, Øyfjell 244, 5. Malli Neset, Rauland 240, 6. Steinar Brennemo Eriksen, Kviteseid 239, 7. Thea Tomine Tveita, Porsgrunds 238, 8. Sigrid Neset, Rauland 235, 9. Anbjørg Rorge Tjønn, Øyfjell 217, 

Eldre rekrutt 14-15 år: 1. Sara Iselin Gauksrud, Gransherad og Heddal 250, 2. Signe Sætre, Drangedal 249, 3. Elise Evensen Austad, Drangedal 249, 4. Sindre Svalebjørg Slokvik, Sauherad 248, 5. Maria Steffensen Øygarden, Lunde 243, 6. Talleiv M Loftsgarden, Rauland 238, 

Rekrutt 11-13 år: 1. Astrid Sætre, Drangedal 244, 2. Troy Taner Øygarden, Drangedal 239, 3. Martin Steffensen Øygarden, Lunde 238, 4. William Kaste Lunde, Notodden 235, 5. Jone Solstad, Øyfjell 149, 

Nybegynner ung: Teo-Andrei Ørting, Notodden 235, 

Jegerklassen: 1. Kjetil Solstad, Øyfjell 133, 

V75: 1. Jan Ekstrøm, Sem 250, 2. Halvor Øyen, Sauland 250, 3. Jan Tore Rogn, Bamble 249, 4. Vidar Omslandseter, Porsgrunds 248, 5. Olav Seland, Gransherad og Heddal 248, 5. Helge Rorgemoen, Øyfjell 248, 7. Per Torleiv Tveiten, Bykle 248, 8. Arne Mathisen, Jondalen 247, 9. Arne Palerud, Drangedal 247, 10. Erling Hjallen, Kongsberg 247, 11. Arne Hansen, Sem 245, 12. Helge Rosland, Tørdal 242, 13. Ole Kr. Nyhus, Øyfjell 240, 14. Dag Skarpodde, Drangedal 235, 15. Reidar Brauti, Lunde 234, 16. Steinar Mandt, Øyfjell 230, 

Kikkertklassen: 1. Knut Øystein Nymoen, Atrå 244, 2. Jahn Erik Flatland, Øyfjell 236, 3. Knut Nylend, Rauland 232, 4. Torjus Rorge Tjønn, Øyfjell 163, 

Skytterklasse 2: 1. Lars Marius Felle, Dølemo 238, 2. Sissel Taanevig, Mandal 233, 3. Jon Rogn, Bamble 232, 

Skytterklasse 1: 1. Aud Inger Tørnes Naas, Drangedal 239, 1. Bjørn-Egil Ørting, Notodden 239, 3. Gro Eikland, Mælum 230, 4. Cato Kallevåg, Tyristrand 229, 

Powered by Labrador CMS