Illustrasjonsfoto: Solveig Vikene / NTB / NPK

Pestinfeksjon hos hund i Sør-Noreg - men kjenner enno ikkje til tilfelle i Vest-Telemark

Mattilsynet er informert om at det er påvist parvovirus-infeksjon, hundepest, hos nokre hundar og kvalpar i Sør-Noreg. – Me har ikkje hatt tilfelle ved vår klinikk, og heller ikkje i Vest-Telemark som eg kjenner til, seier veterinær Cecilie S. Albretsen ved Seljord Veterinærkontor.

Førre veke blei det kjent at det var påvist hundepest i Sør-Noreg, og dei fleste av dei smitta hundane var uvaksinerte. Men sjølv med vaksine er ikkje hunden 100 prosent beskytta mot sjukdommen. Fullvaksinerte dyr risikerer også å bli smitta, men blir sjeldan sjuke.

I Noreg er parvovirusinfeksjon sjeldan hos hund, men sporadiske tilfelle skjer. Årsaka til at sjukdommen er uvanleg er at norske hundar i stor grad er vaksinerte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Veterinær Cecilie S. Albretsen, ved Seljord Veterinærkontor, meiner me i Vest-Telemark er heldige sidan folk bur så spreidd.

– Folk flest går jo tur med hunden i skog og mark, og ikkje i hundeparkar eller langs vegar der mange andre hundar har gått før, seier Albretsen.

Ho fortel at hundepesten Parvo smittar gjennom avføring.

– Det viktige er difor å hindre hundane i å kome i kontakt med avføring frå sjuke hundar. Vanlege hygienereglar, plukke opp avføring frå eigen hund når ein er i «fellesareal» og ikkje la hunden snuse så nøye på avføring frå andre hundar hjelper mykje. Dersom hunden får diare er det greitt å halde både hunden og avføringa på stader der ikkje andre hundar kan kome til, og er ein bekymra kan ein ta ein til oss, seier veterinæren.