Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

Pensjonerte helsearbeidarar skal framleis få jobbe utan å tape på det

Unntaket frå avkortingsreglane skal halde fram for pensjonert helsepersonell som ønskjer å jobbe, foreslår regjeringa.

Som følgje av koronapandemien vart det innført ein unntaksregel som gjer det mogleg for pensjonistar å komme tilbake i jobb utan at pensjonen blir avkorta. Unntaket gjeld no ut 2021, men det bør forlengjast eit halvt år, meiner regjeringa.

– Koronapandemien har ført til store ekstrabelastningar for norsk helse- og omsorgsteneste. Derfor foreslår vi no å forlengje ordninga fram til juli 2022 for pensjonert helsepersonell slik at dei kan hjelpe helse- og omsorgstenesta utan at pensjonen blir avkorta. Pensjonert helsepersonell gjer ein viktig jobb, og innsatsen deira betyr mykje i den pressa situasjonen vi er i no, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik (Ap).

Artikkelen held fram under annonsen.

(©NPK)