
Pendlar til Skien for å satse på handball
Anne Marte Eikåsen har ambisjonar på handballbana. 15-åringen pendlar eit par gongar i veka til Skien for å trene saman med lagvenninnene i Herkules. Anne Marte stilte òg til start i Sentrumsløpet.
– Eg likar å springe og deltok i den massemønstringa for første gong i fjor. Det gav såpass meirsmak at eg fekk lyst til å vere med igjen i år. Spesielt ettersom fleire i familien og slekta hadde bestemt seg for å delta. Eg synest det var ei minst like stor oppleving å vere med i år som i fjor. Sjølv om eg var litt meir nøgd med tida i fjor, seier Anne Marte.
Niendeklassingen er meir aktiv enn dei fleste jamaldringar. Seljord-jenta har ambisjonar på handballbanen. Eit par gongar i veka set ho seg på bussen og reiser til Skien for å trene saman med dei andre 2010-modellane i Herkules. Etter endt trening ventar ein ny busstur – denne gongen i motsett retning for det lokale handballtalentet som tilbringer mange timar på buss i løpet av sesongen.
Anne Marte ser likevel ikkje mørkt på all reisinga. Den unge tenåringen meiner det er verdt det, ettersom Herkules har eit godt sportsleg opplegg, og ho stortrivst i miljøet.
Trenar mykje på eiga hand
For å redusere reisebelastninga gjennomfører ho to-tre løps- og styrketreningsøkter i veka på eiga hand i heimbygda. To treningsøkter i veka og kampane får henne til å pakke bagen og setje kursen mot Telemarks største by. Anne Marte Eikåsen skryter av Herkules-miljøet. Ho har ingen planar om å forlate det med det første.
– Eg har lyst til å begynne på Toppidrettsgymnaset i Skien eller på ei anna idrettslinje når eg om godt og vel eitt års tid er ferdig på ungdomsskulen, seier ho som spelar for eit godt lag.
Anne Marte og lagvenninnene har denne sesongen spelt både med dei som er like gamle og med jenter som er eitt år eldre. Dei vann J16-serien og blei nummer fem i J17-serien.
Stiller i Sommerland Cup
– Handballsesongen går mot slutten no. Me skal vere med i Sommerland Cup i juni. Så blir det ein liten pause før vi startar oppkøyringa til neste sesong. Den blir innleia med Dyreparken Cup. Den får dessverre ikkje eg vore med på, ettersom eg er oppteken med konfirmasjon den helga.
– Korleis synest du det var å springe i Oslo-gatene saman med mange andre?
– Det er moro å vere ein del av det store startfeltet i Sentrumsløpet, ettersom det er så god stemning langs løypa. Det var òg i år mange som hadde stilt seg opp for å heie. Stemninga og det høge deltakingstalet er først og fremst det som gjer Sentrumsløpet så spesielt, seier den allsidige jenta som ikkje er framand for å springe fleire gonger dei neste åra.