Påskekos på KOS

Torsdag 30. mars var sanitetslaget frå Vrådal og Kviteseid på plass på Kviteseid omsorgssenter. På omsorgssenteret ønsker dei å hylle desse flotte damene som kjem ein gong i månaden. Dei har med heimelaga kaker, kaffi og strålande humør. Denne gongen blei det også høve for å lage påskepynt, og påskekyllingar. Desse damene er heilt fantastiske og pasientane set stor pris på møta og aktivitetane. Tusen hjartleg takk, er meldinga frå KOS.

Fråvenstre: Gunvor Sundet, Anna Sofie Hauge, Hanne Julie Roholdt og Gunhild Berntsen.