«Pasientane som har fått påvist smitte, er unge vaksne. Dei ligg begge på sjukehus.»

Kommuneoverlege Marius Opsahl i Vinje ber alle forhalde seg til «den usynlege fienden som har endra dagleglivet for oss alle».

I innlegget på kommunens Facebook-side seier kommuneoverlegen at påska i år blir annleis og at ein må forhalde seg til den usynlege fienden – koronaviruset.

– Det betyr at me IKKJE kan få eller kan ta imot besøk av familie og venner som er busett utanfor Vinje, skriv Opsahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Endå ein person er stadfesta smitta i Åmot

Han seier mykje er endra sidan førre statusoppdatering. To personar er no smitta, og sjølv om kommunen meiner dei har god oversikt, veit ein ikkje svaret på det før om eit par veker.

«Pasientane som har fått påvisa smitte, er unge vaksne. Dei ligg begge på sjukehus. Situasjonen forsterkar kor viktig det er at ALLE tek ansvar og held seg til nasjonale og lokale føringar. Føremålet er å hindre spreiing av smitte i kommunen vår.»

Tidlegare i dag blei det stadfesta at båe dei smitta er frå «Åmot-distriktet», men at dei to tilfella ikkje blir sett i samanheng.

«Me må alle halde fram med å ha avstand til kvarandre, både ute og inne. Hand- og hostehygiene er svært viktig. Me må alle skjerme eldre og dei med andre sjukdommar. Ingen må unødig reise rundt. Om ein skulle få symptom på sjukdom i luftvegane, må me pålegge oss sjølve karantene i eigen heim. Festen må me utsetje og ta når viruset er bekjempa. Her må alle ta ansvar om ein skal lykkast med at færrast mogeleg blir sjuke og får alvorlege komplikasjonar,» held kommuneoverlegen fram.

Han gjentek oppmodinga om at folk med kroniske sjukdomar framleis må ta kontakt med legekontoret som vanleg, og at ein må ta kontakt om ein har det vanskeleg. Opsahl takkar dei mange som tek ansvar og er pliktoppfyllande i ein krevjande situasjon.

– Ta vare på kvarandre!

– Ver tolmodig!

– Og som alltid vis omtanke, forståing og kjærleik til dei rundt deg.