Totem: På Key Vest-Ø er det skilt til andre meir eller mindre kjende stader, frå Miami Beach til Kinsarvik.

– På verdstoppen i dugnadsinnsats

Ein gjeng eldsjeler på Åmdals Verk har lagt ned 750 dugnadstimar og forvandla Vestø ved Åmlivatn frå ein parkeringsplass til ei Florida-inspirert badeperle.

Førre veke opna den nye badeplassen ved Åmlivatn på Åmdals Verk, Key Vest-Ø. Opphavleg blei staden bruka til å frakte malm frå gruvene over vatnet, anten med båt eller hest, og vidare ned til Telemarkskanalen.

Les også
Opning av Key West-Ø på Åmdals Verk

– Det heiter Vestø her på denne sida, den store øya ein ser ute i vatnet her kallast Cuba, og den vesle St. Helena. Dette gjorde att nokon som hadde vore på besøk på Key West i Florida, der ein også ser over til Cuba, blei inspirerte og det blei heitande Key-Vest-Ø her, forklarar Knut Urbø.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er ein av initiativtakarane bak prosjektet, som har kravd stor dugnadsinnsats.

– Me har vore ein god gjeng på rundt 30 personar. Me har hatt ein del faste dugnadar, og til saman har det vel blitt lagt ned rundt 750 dugnadstimar, seier Urbø.

Opning: Knut Urbø (t.v.) tala til dei oppmøtte under opninga av Key Vest-Ø.

Fram til dei starta med dugnaden, var det berre ein liten parkeringsplass på Vestø.

– Me har gjort veldig mykje her. Arbeidet starta for rundt eit år sidan, då me rydda veldig mykje skog, slik at me får sol heile dagen. Og så har me teke stordugnaden i år, og gjort alt ferdig, fortel Urbø.

Unikt toalett

I tillegg til sandstrand, sandvolleyballbane, utkikks- og flytebrygger, kan ein få ei unik oppleving om ein må late vatnet på Key Vest-Ø.

Aktivitetstilbod: Sandvolleybane er blant attraksjonane på den nye badeplassen.

– Me fekk tak i ei gamal skiftebu frå hoppbakken i Vikersund, så i tillegg til å fungere som det, er det også både toalett og bibliotek. Dei skulle legge ned biblioteket nede på Åmdals Verk, så då tenkte me at me i alle fall kunne fylle opp skåpa me hadde her, seier Urbø.

Løyver midlar til bord og benk

Badeplassen blei opna ved snorklypping med varaordførar Benedikte Nes (MDG), som i si tale kunngjorde at kommunen skulle løyve midlar til benkar og bord på Key Vest-Ø, etter ynske frå lokalbefolkninga.

– Eg las på framsida til Varden i dag at nokon hadde bytta ut Mallorca med Akkerhaugen, her har de tatt det eitt steg lengre, og bytta ut Florida med Åmdals Verk. Eg er også særs imponert over den innsatsen de har lagt ned her, eg trur Åmdals Verk må vera på verdstoppen i dugnadsinnsats, seier Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om du vil attleve opninga av badeplassen kan du sjå denne i sin heilskap på VTB-TV.