Små og store bør ta ein lusesjekk i helga.Foto: Erik Johansen / NTB scanpix / NPK

På tide å sjekke om du har lus

Denne helga, 28. til 30. august, er den halvårlege nasjonale lusesjekken. Alle foreldre og føresette vert av barnehagar, skular og helsestasjonar oppmoda til å ta lusekammen fram og sjekke barna sine for lus.

– Me har nyleg teke kontakt med alle skular og barnehagar rundt om i landet med ønskje om at dei formidlar vidare informasjon til foreldre og føresette om korleis dei best sjekkar for og behandlar hovudlus, seier forskar Bjørn Arne Rukke i seksjon for skadedyrkontroll ved Folkehelseinstituttet.

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i skular og barnehagar, og det er anslagsvis 1–2 prosent av alle barn her i landet som alltid har lus. Men under koronapandemien kan det godt hende at tilfella har blitt færre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje utenkjeleg at mindre klemming og nærleik har hindra mange hovudlus å vandre frå hovud til hovud, seier lusekspert Bjørn Arne Rukke, men understrekar likevel kor viktig det er med felles sjekk.

Dersom alle sjekkar og behandlar seg for lus på same tidspunkt, vil det bidra til å redusere hovudlusbestanden over tid.

Samtidig påpeiker luseeksperten at husstandane også bør gjennomføre eigne sjekkar utanom den nasjonale. Det optimale er å gjennomføre lusesjekk med lusekam minimum éin gong i månaden, og dersom det vert oppdaga lus er det viktig å varsle næraste omgangskrets.

(©NPK)