Over 7.400 kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass i suppleringsopptaket, men framleis er over 16.500 kvalifiserte søkjarar med i opptaket, utan tilbod om studieplass. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Over 7.000 får tilbod om studieplass i suppleringsopptaket

Etter suppleringsopptaket til universitet og høgskular har 81,7 prosent av søkjarane fått tilbod om studieplass, 2 prosentpoeng fleire enn ved hovudopptaket.

Totalt har no 113.514 personar fått tilbod om studieplass via Samordna opptak. Dette utgjer 81,7 prosent av dei kvalifiserte søkjarane, same prosentdel kvalifiserte som etter suppleringsopptaket i fjor.

Samordna opptak opplyser til NTB at det ikkje er store endringar i årets suppleringsopptak samanlikna med tidlegare år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I suppleringsopptaket er det sendt ut 12.107 tilbod, der nokre søkjarar får fleire tilbod. 7.456 ulike søkjarar får no tilbod, av dei 3.394 er søkjarar som stod utan tilbod i hovudopptaket.

I tillegg har 2.963 personar fått tilbod om studieplass på ein høgare prioritet enn den dei opphavleg fekk. Desse mistar då det gamle tilbodet.

Det er òg 2.975 søkjarar som har fått tilbod om plass etter å ha søkt på ledige studieplassar.

Det er no 16.532 kvalifiserte søkjarar som framleis er med i opptaket, utan tilbod om studieplass. Tilsvarande tal for i fjor var 17.023.

(©NPK)