Ingrid Høgetveit Teigen og Live Vesaas var blant deltakarane på Tinestafetten.

Over 300 elevar på Tinestafetten. – Det er gøy å ha ein litt unormal dag

Fredag var elevar frå seks skular samla i Høydalsmo for å delta på årets Tinestafett. Gjennom dagen fekk elevane prøve seg i fleire friidrettsøvingar før arrangementet vart avslutta med stafett.

Publisert

Tinestafetten er for elevar frå 6. til 9. klasse. I år var elevar frå Åmot, Rauland, Øyfjell, Kviteseid, Tokke og Høydalsmo representerte.

Elevane konkurrerte i mellom anna kast med liten ball, kulestøyt, 60-meter, lengdehopp og høgdehopp. 

Malin Hegglid Gjerlid over lista med god margin.
Trygve Lie Lundeberg frå Kviteseid hoppa lengde.

Fleire positive sider

Lærar Trine Lothe ved Høydalsmo skule har i mange år vore engasjert i arrangementet, og er den som har koll på organiseringa.

Ho fortel at arrangementet går relativt greitt å gjennomføre, sjølv om det krev noko arbeid.

– Me har gode rutinar på korleis me skal gjera ting, sidan me har gjort det så mange gonger. 

Ho understrekar også at 10.-klassingane ved skulen er avgjerande for å få dagen til å gå i hop. 

– Dei fylgjer klassene rundt på dei ulike øvingane og registrerer resultata.

Trine Lothe har i mange år vore med på å arrangere Tinestafetten i Høydalsmo.

Trine meiner arrangementet har fleire positive sider.

– Det er ein fin måte å få inn litt friidrett på. Då kan ein øve i forkant og møtast her og konkurrere. Så er det fint at alle skulane kan samlast til eit felles arrangement. Målet er at det skal vere ein positiv dag, seier ho.

Moro med ein annleis dag

For 6. klasse ved Tokke skule var årets Tinestafett den fyrste. Elevane var tydeleg nøgde med dagen og fortalde at dei hadde sett fram til arrangementet.

– Det er veldig gøy, seier dei.

6.-klassingane Ingrid Rabbe (f.v.), Malin Hegglid Gjerlid, Emilia Lagergren Utistog, Maren Bratland Høgset, Elly Utistog, Emil Solli Fles, Ludvig Tøndel Solli, Yehor Semenov, Erling Kvanvik Felland og Kristoffer Solvang Rinden deltok på Tinestafetten for fyrste gong.

Ludvig Tøndel Solli meiner noko av det beste er at dagen skil seg frå den vanlege skulekvardagen.

– Det er gøy å ha ein litt unormal dag, seier han.

Medan nokre elevar hadde trena lite, fortalde Tokke-elevane at dei hadde lagt ned ein del innsats.

– Me har trena sidan i fjor, seier Malin Hegglid Gjerlid.

6.-klassegutar frå Øyfjell på Tinestafett for fyrste gong. Kristian Solbjør Velde (f.v.), Åne Lee Breiseth, Heine Vinjerui Bergland og Viljar Huitfeldt Kielland.
– Det er veldig morosamt, seier Ingebjørg Brendjord Hylland (f.v.), Karla Huitfeldt Kielland, Irma Skog og Gabriela Testad Vargas, om det å delta på Tinestafetten.

Også 6. klasse ved Øyfjell skule deltok på Tinestafetten for fyrste gong. Dei synest dagen var morosam.

– Det er bra fordi du kan bruke musklane, og det er veldig sosialt at nesten alle skulane kjem hit og har konkurransar, seier Heine Vinjerui Bergland.

Elevane fortel at alle hadde øvd litt på dei ulike øvingane, og litt ekstra på dei øvingane dei sjølve kulle delta i.

9.-klassingane frå Tokke skule har deltatt fleire gonger før. Når dei ikkje er i aksjon sjølve, er dei ivrig heiagjeng. F.v. Oliver Heimdal, Theo Sandok, Amund Austad, Johannes Haugholmen, Sondre Solli og Johannes Utistog.

Ylva Djuve og Maiken Betten frå 7. klasse ved Høydalsmo skule var heller ikkje i tvil om kva dei meinte om arrangementet.

– Det er kjempeartig, seier Maiken.

Ylva set pris på at skulen legg til rette for slike dagar.

– Det er fint at skulen steller i stand slike aktivitetar for oss, seier ho med eit smil, før dei må haste vidare til neste konkurranse.

Ylva Djuve (t.v.) og Maiken Betten går i 7. klasse på Høydalsmo skule, og sto for felles oppvarming før øvingane tok til.
Arrangementet vart avslutta med stafett.




Powered by Labrador CMS