Jorunn Helene Djuvet (t.v.), Eline Omland Sending, Ingrid Kristiansen Straand og Katrine Aalandslid.
Jorunn Helene Djuvet (t.v.), Eline Omland Sending, Ingrid Kristiansen Straand og Katrine Aalandslid.

Over 150 ungdomar på rusfri konsert

Det kom ungdommar frå dei fleste grender i Vest-Telemark for å bli kjend med kvarandre og høyre på musikk.

Ungdomsklubben på Dalen arrangerte sist fredag konsert og klubbkveld for alle interesserte i Vest-Telemark og vidare. Ungdomsklubbar Frå Vinje og Fyresdal kom med eigen buss, og andre vart køyrd av foreldre.

Klubbleiar i Tokke, Tor Øystein Gravdal var storvegs fornøgd med oppmøtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde vore nøgd med alt over 100, men nå ser det ut til at me blir over 150 ungdomar samla her i kveld, seier han.

Både klubbleiarar og foreldre i andre kommunar i Vest-Telemark stilte opp som vakter, eller vertskap under klubbkvelden.

– Me har dialog med dei andre ungdomsklubbane og inviterer dei hit ein gong i året til ein fast konsert. Me plar ha det i januar eller februar, fordi det er ein litt trist periode på vinteren og det kan vere greitt å ha eit høgdepunkt, held han fram.

Spilloppmaker frå Elverum spelte opp i ungdomshuset på Elvarheim. 	Alle
Spilloppmaker frå Elverum spelte opp i ungdomshuset på Elvarheim. Alle
Tobias Skræi frå Fyresdal likar å treffe jenningar på Dalen. Til høgre Marius Sollie.
Tobias Skræi frå Fyresdal likar å treffe jenningar på Dalen. Til høgre Marius Sollie.
Jorunn Helene Djuvet (t.v.), Eline Omland Sending, Ingrid Kristiansen Straand og Katrine Aalandslid.
Jorunn Helene Djuvet (t.v.), Eline Omland Sending, Ingrid Kristiansen Straand og Katrine Aalandslid.
Sigrid Vinjerui og Kristine Midtbø var også på fjorårets konsert.
Sigrid Vinjerui og Kristine Midtbø var også på fjorårets konsert.
Frans Van Dinther (t.v.), Ea Kristine Bakken, Anita Stenberg Mandt og Ingrid Homme Hansen.
Frans Van Dinther (t.v.), Ea Kristine Bakken, Anita Stenberg Mandt og Ingrid Homme Hansen.

– Klubbane har med seg frivillige som stiller opp. Det er fint, for me er avhengige av hjelp på ein slik kveld. seier han.

Trygt miljø

Konserten er rusfri og er for alle frå 7. klasse og oppover. Gravdal fortel at dei er nøye med å hindre at det kjem påverka ungdomar inn dørene. Dette fordi foreldre skal kjenne seg trygge på at det går rett føre seg når dei sender ungdomane sine av garde på konsert.

– Det er mykje flott ungdom her, og det er lett å arrangere, når dei er så grei å ha med å gjere, seier Gravdal.

Ingrid Homme Hansen arbeider ved ungdomsklubben i Fyresdal og kom med ein buss med omkring 20 fyresdølar som ville på konsert.

– Me har eit godt samarbeid med Dalen og det er populært å vere med på desse årlege tilstellingane, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møte mellom bygdene

Mellom dei er Tobias Skræi som tykkjer det er moro å treffe kjenningar i nabokommunen. Han begynnar på TIP, det vil seie teknikk og industriell produksjonslina på Vest- Telemark vgs. til hausten, etter 10. klasse.

– Eg kjenner ein del på Dalen, sidan eg både spelar fotball og går på ski med nokre av dei. Det er gildt å treffe kjenningar, og til hausten tek eg til på vidaregåande på Dalen, seier han.

Sigrid Vinjerui og Kristine Midtbø går i 9. klasse på Tokke skule, og likar at det vert arrangert konsert i heimbygda.

– Det er moro, og det var ein bra konsert i fjor også, seier Sigrid.

– Det er fint å treffe folk frå andre bygder, legg Kristine til.

Katrine Aalandslid og veninnene går i 7. klasse ved Tokke skule og var difor dei yngste tilhøyrarane denne kvelden. Dei var nøgde med å endeleg vere gamle nok.

– Det er noko nytt og spanande, så me har gleda oss litt til dette. Eg trur det blir morosamt og bra, seier ho.