Over 1 million masker og munnbind stoppa av tollarar

Tolletaten i Kristiansand har stoppa fleire sendingar av masker og munnbind som ikkje er godkjende til medisinsk bruk.

60.000 munnbind og masker som ikkje er godkjende, er vorte stoppa i Kristiansand. I tillegg er ei større sending frå Kina stoppa, melder NRK.

– Vi fekk dokumentasjon på at éin million masker og munnbind var bestilte frå Kina. Vi fekk mistanke om at dette ikkje var godkjent utstyr. Vi kontakta Legemiddelverket, som støtta oss, seier seksjonssjef Helge Breilid i Tollregion Sør-Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad seier at det ikkje er haldepunkt for å seie at piratkopiar er eit utbreidd problem, men han har høyrt om fleire tilfelle.

(©NPK)