Kommunestyremøte i Vinje: Jon Rikard Kleven (Sp), ordførar
Åshild Emma Solbjør
Ordføraren om PPT-tilrådinga: – Det er kvaliteten på tenestene som er det viktige her – ikkje å samarbeide for samarbeidets skuld
Vinje-ordførar Jon Rikard Kleven trur at ei eiga PPT-ordning vil styrke tenesta for brukarane, men vedgår at rekrutteringa blir ei utfordring.
– Det er kvaliteten på tenestene som er det viktige her – å levere best mogleg for barn og unge. Ikkje å samarbeide for samarbeidets skuld, seier Kleven.
Han fekk i torsdagens formannskapsmøte fleirtal for at Vinje kommune går ut av Vest-Telemark PPT IKS og også takkar nei til vertskommuneordninga. Innstillinga frå formannskapet til kommunestyret i morgon, tysdag, er å etablere eiga teneste.
– Då kjem ein tettare på dei ein skal levere tenester til – ein får det inn under ei kommunal eining, og ein kortare rapporteringsmekanisme, forklarar ordføraren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP