annonse

Opprettheld ikkje klage

: (Foto: )

+ _ Flatdal: VTB har tidlegare skrive om disputten mellom fylkesmannen og kommunen i samband med gardsoverrekkinga frå Torgny Rue til Turid Opsund (bildet) i Flatdal. Fylkesmannen klaga i desember på planutvalet si avgjerd om å gje klarsignal for frådelinga av tomta. I januar vedtok planutvalet å ikkje ta klaga til følgje, og oppretthaldt dispensasjonen.

15. februar sende fylkesmannen eit skriv til Seljord kommune, der dei gjer det klart at dei ikkje kjem til å oppretthalde klaga.

«Vi legg vekt på at landbruk- og kulturlandskapsverdiane til den aktuelle landbrukseigedommen ikkje er så betydlege at dei veg tyngre enn omsynet til det lokale sjølvstyret», heiter det i skrivet frå fylkesmannen. Dei viser òg til at det gjeld ein mindre eigedom, fragmentert av vegsystem og tidlegare frådelingar av bustad. Samt at dei aktuelle frådelingane har tidlegare blitt godkjende etter jordlovsbehandling.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse