Oppmodar innbyggjarane til å bruke så lite vatn som råd

Beredskapsleiinga i Vinje set inn ei rekke tiltak som fylgje av den sterke vinden og straummangelen fredag.

Kommunen har også auka bemanninga på legevakta. Dei vil også sørje for biltransport for skule- og barnehageungar som elles ville gått heim, skriv dei på Facebook.

Tidlegare fredag skreiv VTB om at straumen er borte fleire stader i regionen som fylgje av vinden, og at det «kan ta litt tid før feilen er retta». Sentralbordet til VTK opplyser at alt mannskap er ute, med tre over linene fleire stader. I Vinje er både brannvesenet og teknisk etat ute for å hjelpe til på vegar og liknande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinje kommune oppmodar innbyggjarane om å «bruke så lite vatn som mogleg» fram til straumen returnerer. Dei har også mobile aggregat til bønder med robotfjos.

Kommunestyret er per oppdateringa like over klokka 14 fredag ettermiddag «framleis utan straum, nettilgang og telefon».

– Vinje kommune fylgjer situasjonen tett, og oppmodar alle som er i området om å vera ekstra varsame, ha eit blikk til naboen, anten i bustaden eller i hytta, og sikre lause gjenstandar, skriv dei.

Også dei andre kommunane i regionen har meldt om vanskar med dekning som fylgje av vêret. Fyresdal, Kviteseid, Nissedal og Seljord har alle meldt om at fasttelefonnettet er ute av drift, men ingen av desse fire kommunane har meldt om ekstratiltak. Fyresdal kommune har også meldt om eit tre over vegen i Borggrend.

– Mannskap er på veg. Ein reknar med at vegen er open att mellom 14.30 og 15.00, skriv kommunen på Facebook.

Har sløkt tre brannar i elektrisk utstyr

Også i Tokke har brannvesen og kommune vore ute og sett til at vegane ikkje er blokkerte. I tillegg har brannvesenet måtte sløkke tre brannar i elektrisk utstyr, fortel beredskapssjef i kommunen Olav Bjørn Bakken.

– Me har også kopla helsesenteret på meirstraumforsyninga, og oppmoda foreldre til å hente på skulen om dei har moglegheit. Dei som ikkje har blitt henta blei køyrd, seier Bakken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Straumen er i skrivande stund tilbake på Dalen, men framleis borte andre stader i kommunen.

– Litt vêr må me tåle, det er ikkje nokon valdsam krise. Me vonar straumen er tilbake i løpet av ettermiddagen eller kvelden, seier Bakken.

Øyvind Gjerlid frå Dalen fanga ein av brannane i straumlinene på Dalen på film, sjå videoen i videovindauget under, eller her om du nyttar VTB-appen.