I garderoben: Brannmann Arnulf Elgen syner stolt fram dei flotte garderobane ein har fått. Dette er på rein side, og alt branntøy er grundig vaska med tanke på røyk på kleda før dei kjem inn i garderoben.

Opna den nye brannstasjonen i Åmot: – Det er som å byrje ei ny tid

Laurdag blei store og små invitert til open dag på den nye brannstasjonen i Åmot. Blautkake, rebusløp, brannmaskoten Bjørnis og brannbilar var spesielt populært hjå barna.

– Den gamle bygningen som Telenor i si tid sette opp, og som me har halde til i i 20 år, var ikkje lenger brukandes. Det var for liten plass til bilane, tilhøva var tungvinne og ymse krav til HMS-reglar gjorde det ikkje forsvarleg å bruke bygningen lenger, seier beredskapsleiar Olav Ringhus i Vinje kommune.

Ny tid

Den nye stasjonen har kosta om lag 20 millionar kroner, og møter dagens krav, særskilt krava om reine og ureine soner. Brannkonstablane er eksponert for røyk i arbeidet, og dette må ein gjere noko med. Difor har ein urein og rein sone. Brannkonstablane tar av seg brannkleda med ein gong dei er ferdige med oppdraget dei er på, vaskar det på urein side, dusjar og tar på seg sivile klede på rein side.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er som å byrje ei ny tid når me har fått installert oss her. Her er alt på stell, det er ordna forhold og fasilitetane er mykje betre enn i den gamle stasjonen. Eg håpar det blir lettare med rekruttering til brannvesenet når folk ser dei flotte forholda me arbeider under her. Dessutan har me møte- og debriefingrom her og eit stort uteområde me kan øve på, seier den fornøgde brannmannen Arnulf Elgen.

Med Bjørnis: Sigrid Råmunddal med dottera Tone Råmunddal Tveito på to år helsa også på Bjørnis. Tone var både skeptisk og nyfiken på same tid på Bjørnis. Det blei ein high five til slutt.
Demontrasjon: Det var også ein demonstrasjon av redning av ein person i ein bil, der ein måtte bryte opp ei kilt dør for å kome til personen.
Vaskerommet: Her syner Arnulf Elgen fram vaskerommet ein kjem til etter å ha vore på oppdrag. Her er det vaskemaskin for klede og meislar på urein side.
Overtenning: Her demonstrerer ein korleis ei smultgryte får overtenning viss ein prøver å sløkkje brannen med vatn. Då vil det berre brenne endå meir. Rådet var klårt frå brannfolk, set på loket på gryta! Då vil etter kvart flammane bli kvelt.
Eit knippe fornøgde barn: Frå venstre: Sigrunn Årlid-Aasen, Øyvin Gravir-Ståland, Hilde Årlid-Aasen, Leandra Såtvedt, Halvor Årlid-Aasen. Halvor var mest fornøgd med kaka han fekk smake på og at han trefte andre ungar. Alt i alt var dei fornøgde med dagen.
Maskot: Brannvesenets maskot, Bjørnis, var populær denne dagen. Her får Even Strømme Lie på 7 år klem.
Brannøks: Torbjørn Lia (t.h.) overrekte ein spesiallaga brannøks til beredskapsleiar Olav Ringhus i Vinje kommune. Lia er brannsjef i Vest-Telemark og driv mykje med førebyggjande arbeid. –Dette er Telemarks flottaste stasjon som tilfredsstiller dagens HMS-reglar. Ikkje minst med tanke på korleis ein behandlar røykeproblematikken og faren for kreft som følgje av dette. Difor viktig med urein/rein side for å beskytte brannfolka, sa Lia.
Ny: Den nye brannstasjonen sett frå framsida.
Opna: Vinjeordførar Jon Rikard Kleven opna stasjonen med å kutte sperreband med øks. – Olav Ringhus er ein snill og kosleg mann, men når han forsvarar arbeidstilhøva til brannfolka sine blir han streng. Han sa tydleg frå til meg om at det var behov for ein ny brannstasjon i Åmot, og då blei det slik, sa Kleven til dei frammøtte.