Nytt smittetilfelle i Seljord

2. joledag blei det stadfesta at endå ein person har fått påvist covid-19.

Dette er ein «husstandsmedlem eller tilsvarande nær» av smittetilfellet frå laurdag 19.12. Den smitta personen har vore i karantene sidan 19.12 og er no i isolasjon. Utifrå det kommunen no er kjent med er det framleis god kontroll på situasjonen, og me har ikkje noko pågåande smitteutbrot i kommunen, mykje takka vere gode smittevernsrutinar og bruk av munnbind, skriv kommunen på heimsida si.