Nytt smittetilfelle i Seljord

Fire personar er no smitta i kommunen.

Det melder Seljord kommune på heimesida si sundag.

Heile meldinga frå kommunen:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Kommunen har fått melding om at ein person som er busett i kommunen har avlagt positiv prøve. Aktuelle nærkontaktar er varsla og er i karantene. Smittesporing er avslutta, og situasjonen verkar oversiktleg.

Smitta er knytt til eit smitteutbrot utanfor Seljord kommune.

Det er no totalt 4 innbyggjarar i kommunen som er smitta av covid-19. Smittevegane er kjente i alle tilfella, og situasjonen i kommunen er oversiktleg og under kontroll.»