Nytt smittetilfelle i Kviteseid

Kviteseid kommune melder at dei har påvist smitte hjå endå ein person.

Personen er sett i isolasjon, og nærkontaktane blir haldne i karantene. Kommunen seier det ikkje er nokon samanheng mellom smitten på Kviteseid omsorgssenter og dette nye tilfellet.

Kviteseid har då to smittetilfelle på to dagar. Av dei andre kommunane i Vest-Telemark er det berre Vinje som har hatt nye smittetilfelle i det siste. Her var det ein person i kommunen som fekk påvist smitte den 7. april, etter nærkontakt med ein annan som var smitta, og som hadde tilknytning til kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Merk likevel at vaksineringa nærast har teke av denne veka, med til dømes 73 nye fyrstegongsstikk i Kviteseid på berre éin dag. Neste veke kjem nye 84 dosar til Kviteseid, og dei blir neppe liggjande lenge i frysaren.

Aftenposten melder dessutan fredag at bydel Bjerke i Oslo snart byrjar med prioriteringsgruppe 9, altså dei friske i alderen 45-54. Bjerke er ein hardt råka bydel som har fått 20 prosent fleire dosar sidan midten av mars, men ligg no kanskje lengst framme i heile landet med vaksineringa.