Tilbake på tunet: Christopher Andresen synest det er kjekt å få jobbe på den same skulen han sjølv gjekk på. Han håpar skulen kan utfylle rolla si på ein god måte som ein kristen internatskule.

Nytilsett på Kvitsund vil satse på berekraft

Som tenåring kom Christopher frå Australia til Kvitsund. No har han med seg kone og tre barn for å jobbe på skulen han sjølv gjekk på.

Christopher er nytilsett vikar som administrasjonsleiar på Kvitsund gymnas. Etter han takka ja til stillinga 1. juli, blei det ein brå flytteprosess for familien som braut opp frå Homborsund, mellom Grimstad og Lillesand på Sørlandskysten. Det var ein familie på fem som kom flyttande til Kviteseid.

Third Culture Kid

Som barn av foreldre i oljeindustrien er Christopher, vand med å bryte opp. I oppveksten budde han både i Australia, Skottland og England, før han flytta til foreldras heimland Noreg og begynte på Kvitsund. – Det blei tre av mine viktigaste år, fortel 39-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er utdanna siviløkonom og jobba tidlegare med mikrofinansiering som økonomiansvarleg i Alliance Microfinance. Mikrofinans er ei finansiell teneste som blir tilbydd menneske som lever i fattigdom, til dømes i utviklingsland. Dei er elles utestengd frå marknaden. Christopher jobba med prosjekt i til dømes Liberia, Vietnam, Ecuador og Bolivia. På slutten var han også styreleiar.

Berekraft på agendaen

Han har også studert berekraft og tek det med seg i jobben på gymnaset. Han håpar at Kvitsund blir ein berekraftig skule.

– I ei verd der vår del av verda brukar meir enn me har, er det viktig at me som skule minskar forbruket, forklarar han, men legg til at det handlar om meir enn miljø.

– Me må skape ein skule som er berekraftig sosialt, økonomisk og miljømessig, seier han og held fram: – Berekraftig betyr at det kan halde fram å vere slik over tid. Derfor treng me òg betre økonomi og fleire elevar. Christopher meiner dette er viktig etter både straumkrise og koronakrise.

Kviteseid – ei gjestfri bygd

Christopher og familien er takksame over kor godt dei har blitt tatt imot i Kviteseid.

– Me opplever dette som ei bygd med ein kollektiv gjestfridom, fortel han.

– Kviteseid er heilt unik, seier familiefaren som no har fylgt barna i 2. og 6. klasse til ein ny kvardag, på skule på ein ny stad.

Trass i ein brå overgang med ny heimstad og ny jobb har Christopher ei positiv oppleving av alt det nye. Han er og aktiv, likar å spele golf å vere på tur, til sjøs eller på fjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiarteamet på Kvitsund: I tillegg til Andersen er også Sigrun Kvamme nytilsett på Kvitsund i år. Ho jobba tidlegare som rektor på Kviteseid-skulane. No er ho tilbake på Kvitsund, som var skulen som gjorde at ho kom Kviteseid. Frå venstre: rektor Edgar Gamst Kristoffersen, internatleiar Ellen Bentsen, assisterande rektor Sigrun Kvamme og administrasjonsleiar Christopher Andersen.