Henning Hoff Wikborg, dagleg leiar i DNT Oslo og omegn. Foto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Nye løysingar for DNT-hyttene

For den som er interessert i å nytte DNT-hyttene på fjellet, vil det i framtida vere endringar i praksisen.

Henning Hoff Wikborg er dagleg leiar i DNT Oslo og omegn, det største lokallaget i Den Norske Turistforening. Han bekreftar at praksisen med sengebestillingar vil verte ei varig løysing på hyttene til lokallaget.

Tidlegare har ein kunne kome til hyttene utan å seie ifrå på førehand, men det vil bli annleis i framtida, seier Wikborg til NRK Oslo og Viken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje Wikborg er det likevel mange omsyn å ta. Til dømes må ein vurdere ulike innsjekkingstidspunkt for dei ulike hyttene basert på kor avsides dei ligg.

Nokre fjellvandrar har vore skeptiske til det nye bookingsystemet, fordi dei meiner ein mister fridomen ein har hatt til å leggje opp turane etter vêr og vind, når ein innfører førehandsbestilling.

Wikborg seier sengene ikkje vil vere 100 prosent bookingbaserte, og at dei har mellomløysingar på denne problemstillinga.

DNT har òg kome fram til at dei i større grad ønskjer å ta i bruk hyttevakter som kontrollerer at hyttene er i orden.

– Eg trur at hyttevakt er ei løysing på mange ting. Til dømes at dei hyttene med hyttevakt er meir i orden, folk betaler for seg og det er reinare, seier Wikborg.

Turistforeininga har mista fleire tusen medlemmer under pandemien. Tilbakegangen ligg på tre prosent, eller nesten 3000 medlemar for DNT Oslo og omegn, skriv NRK.

Wikborg trur det kan skuldast ein nedgang i organiserte turar og kurs under nedstenginga.

(©NPK)