Kunnskapsminister Guri Melby lettar på smitteverntiltaka i skolar og barnehagar frå førstkommande måndag.Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Nye lettar i tiltak: Heile skuleklassar og barnehageavdelingar kan vere samla

Regjeringa lettar vidare opp i smitteverntiltaka på skular og barnehagar. Frå 2. juni kan heile skuleklassar vere samla, uansett storleik på klasserommet.

Lite smittespreiing gjer det forsvarleg at ei heil avdeling i barnehagen og ein heil skuleklasse kan vere éin kohort, opplyser regjeringa.

– I praksis betyr det at med den noverande smittesituasjonen kan ein heil klasse vere samla i klasserommet uansett kor stort klasserommet er, og fleire kan få eit fulltidstilbod, seier kunnskapsminister Guri Melby (V).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei nye tiltaka blir i sin heilskap lagde fram fredag. Då blir det innført eit nytt system med raudt, gult og grønt lys, som helsestyresmaktene skal bruke for å kommunisere kva reglar som gjeld.

– Det nye systemet gjer det mogleg å planleggje og førebu seg på ulike scenario, seier Melby.

Trafikklysmodell

Dagens smitteverntiltak svarer til raudt nivå, men frå og med måndag 2. juni skal dei etter planen nedjusterast til gult.

I barnehagane betyr det at heile avdelingar blir rekna som éin kohort, men at ein framleis skal unngå trengsel og store samlingar. Tilsette skal framleis unngå fysisk kontakt med kvarandre, og ein skal ønskje avstand mellom ulike kohortar.

På skulane skal ein framleis unngå fysisk kontakt mellom personar, men heile klassar blir rekna som éin kohort og kan ha undervisning saman.

Tilsette kan òg veksle mellom ulike klassar, men det blir oppmoda til å unngå trengsel og store samlingar. Reglane er noko ulike for barneskulen, ungdomsskulen og dei vidaregåande skulane. På vidaregåande blir elevar og tilsette oppmoda til å halde 1 meters avstand utanfor klasserommet når nivået er på gult.

Føreseielegheit

Barnehagane og skulane kan planleggje for gult lys til hausten. Dersom smitten i samfunnet endrar seg, må dei vere førebudde på at tiltaksnivået kan skifte til raudt eller grønt. Det er helsestyresmaktene som avgjer om trafikklyset skal skifte, ikkje skulane sjølve, opplyser regjeringa.

– Vi må ha smitteverntiltak som svarer til smittesituasjonen. I dag har vi tiltak som er for strenge i forhold til smitten. No innfører vi rettleiarar som gir føreseielegheit og som kan brukast i lengre tid, seier Melby.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er helsestyresmaktene som avgjer om trafikklyset skal skifte, ikkje skulane sjølv.