På det dyraste, mellom klokka 16 og 17, er prisen 6,12 kroner per kilowattime i Sørvest-Noreg onsdag. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ny straumprisrekord i heile Sør-Noreg i morgon

Onsdag vil snittprisen på straum i Sørvest-Noreg nå 5,5 kroner kilowattimen. På det dyraste, mellom klokka 16 og 17, er prisen 6,12 kroner per kilowattime.

Også Austlandet og Vestlandet set ny prisrekord for sine område, viser førebelse tal frå straumbørsen Nord Pool, ifølgje E24.

I Sørvest-Noreg vil straumprisen mellom klokka 16 og 17 liggje på 6,12 kroner per kilowattime (kWh), viser førebelse tal frå nettsidene til Nord Pool.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Søraust- og Vest-Noreg blir prisen 4,84 kroner per kWh på sitt høgaste, i Midt-Noreg blir prisen 45 øre, og i Nord-Noreg blir prisen 1,6 øre.

Ein kilowattime svarer til straumbruk på éin kilowatt over éin time. Ein dusj på ti minutt bruker i snitt rundt 4,5 kWh, men det avheng av temperatur og kor mykje vatn dusjhovudet leverer.

Snittpris: 2,92

Snittprisen i landet vil onsdag liggje på 2,92 kroner per kWh.

Det er 5,4 øre høgare enn på tysdag og 2,16 kroner høgare enn same dag i fjor. Den høgaste døgnprisen på straum onsdag finn vi i Sørvest-Noreg på 5,54 kroner per kWh.

Deretter kjem Søraust- og Vest-Noreg med ein døgnpris på 4,41 kroner, Midt-Noreg med ein døgnpris på 25 øre og Nord-Noreg med ein døgnpris på 1,2 øre.

I tillegg til spotprisen på straum kjem forbruksavgift (16,69 øre per kWh), avgift til Enova (1 øre per kWh) og eit eventuelt påslag frå straumselskapa.

Maks- og minstepris

På toppen av det heile blir det lagt ei meirverdiavgift på 25 prosent, og på sida kjem nettleige. I Nordland, Troms og Finnmark er det inga meirverdiavgift på straum, og i Finnmark og Nord-Troms slepper ein også å betale forbruksavgifta.

Den lågaste kWh-prisen onsdag blir mellom klokka 22 og 23 i Nord-Noreg, då på 0,7 øre. Prisen per kWh blir på sitt lågaste i Søraust- og Vest-Noreg 4,12 kroner, Sørvest-Noreg 5,062 kroner og Midt-Noreg 13 øre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Måndag var maks- og minstepris i landet på høvesvis 5,73 kroner og 0,14 øre per kWh. Same dag i fjor var han på 98 og 24 øre per kWh.