Sjølv om vindkrafta har hatt ein vesentleg vekst dei siste åra, er det framleis vasskraft som dominerer. Vasskraft utgjorde 93,1 prosent, medan varme- og vindkraft utgjorde 1,2 og 5,7 prosentFoto: Tore Meek / NTB / NPK

Ny rekord for produksjon av kraft

Fylte vassmagasin, meir vindkraft og oppgraderte anlegg har ført til produksjon av meir kraft. Dermed vart det ein rekord for andre kvartal.

Produksjonen av kraft var på 35,9 terawattime (TWh) i 2. kvartal 2021. Det er 1,9 prosent høgare samanlikna med 2. kvartal året før, og det høgaste nivået som er registrert for dette kvartalet i statistikken, ifølgje SSB.

Sjølv om vindkrafta har hatt ein betydeleg vekst dei siste åra, er det framleis vasskraft som dominerer. Vasskraft utgjorde 93,1 prosent, medan varme- og vindkraft utgjorde 1,2 og 5,7 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var òg stor etterspurnad etter kraft og høge spotprisar på straum i 2. kvartal som har bidrege til den høge kraftproduksjonen.

(©NPK)