Endringar i Facebook-feeden viser mindre innhald frå venner enn tidlegare. Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Ny Facebook-feed uroar professor

Den nye nyheitsstraumen til Facebook gjer det vanskelegare å sjå innhald frå venner. Professor kallar endringa urovekkjande.

Nyheitsstraumen til Facebook, og kalla «feeden», har nyleg fått ny funksjonalitet. Stikkprøvar viser at berre 15 prosent av innhaldet er vennerelatert, skriv Aftenposten.

Petter Bae Brandtzæg er professor i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, og samanliknar den nye feeden med videoplattforma Tiktok. Dette inneber mellom anna at brukarane får servert meir innhald som dei fleste synest er interessant til fordel for innhald frå venner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han meiner ei slik styring av plattforma kan bidra til å forvrenge den politiske debatten.

– Feilinformasjon spreier seg raskt. Det er urovekkjande at Facebook ønskjer seg ein slik feed. Eg tvilar på at dette er ein god veg å gå med tanke på spreiing av falske nyheiter, seier Brandtzæg.

I tillegg meiner han at endringa kan gjere Facebook mindre populært.

– Eg trur Facebook burde satse meir på det dei kan, som er kontakt med venner og nettverk. Det nye grepet verkar desperat, forklarar professoren.

Det vil framleis vere mogleg å bruke noko som liknar på den gamle straumen, men denne må du aktivt finne under ei ny fane kalla «Feeder» på norsk.

I ein e-post til Aftenposten skriv Meta, eigarselskapet til Facebook, at dei med endringane ønskjer å utvikle plattformene sine i takt med korleis folk kommuniserer.

(©NPK)