Er du nyfiken på kva slags plante eller dyr du har funne: Ny norsk mobilapp lar deg sjekke ved å søke med eit bilde du sjølv har tatt. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Ny app lèt deg sjekke norske dyre- og blomsterartar

No kan du bruke mobilen til å sjekke kva slags dyr eller blomster du har funne. Ein ny norsk mobilapp skal gi deg svaret.

Appen Artsorakelet er utvikla av Artsdatabanken. Brukaren kan sjekke blomster- eller dyreartar ved å søkje med eit bilete, opplyser Artsdatabanken i ei pressemelding.

Appen er spesialisert til norsk natur og har eit biletbibliotek på 1,1 millionar bilete.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle kan bruke Artsorakelet og dele funna sine med Artsobservasjonar. På den måten bidreg ein til forsking og forvaltning av naturmangfald her i landet. Samtidig får Artsorakelet endå fleire bilete å trene på, seier seksjonsleiar i Artsdatabanken, Ingrid Ertshus Mathisen.

(©NPK)