Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB / NPK

NVE vil vite meir om villreinen før nye kraftverk-ja i Røldal-Suldal

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) krev no fleire utgreiingar om villrein i samband med søknaden om å bygge fleire pumpekraftverk i Ullensvang og Suldal kommunar

Røldal Suldal Kraftverk DA har søkt om å bygge Røldal 2, Novle 2, Kvanndal 2, Suldal 2B og Nordmork kraftverk.

– Etter vår vurdering er det nødvendig med fleire undersøkingar knytt til villrein, for å kunne ta stilling til om anlegga bør få konsesjon eller ikkje, seier Carsten Jensen, seksjonssjef i NVE, i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire høyringspartar, inkludert statsforvaltarane i Vestland, Rogaland, Agder og Vestfold og Telemark, har bede om desse tilleggsundersøkingane og har reist innvending mot søknaden. NVE meiner at undersøkingane ikkje treng å forseinke sakshandsaminga.

Dei nye undersøkingane skal særleg vurdere kva betydning pumpekraftverka vil ha for villrein-trekka. Det er bekymring for at raskare endringar i vasstanden om vinteren på grunn av pumping vil kunne gi meir utrygg is, og dermed redusere trekkmoglegheiter forbi magasina.

(©NPK)