NVE-sjef Kjetil Lund etter eit møte med olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) tysdag. Statsråden fekk ei orientering om kraftsituasjonen og ei vurdering av straumprisane gjennom vinteren. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

NVE-sjefen: – Vi må innstille oss på ein vinter med svært høge kraftprisar

NVE-direktør Kjetil Lund ventar at straumprisane i vinter blir endå høgare enn i dag.

– Biletet for vinteren er at det ligg an til høge og svært høge kraftprisar. Meir enn det vi har vore vande med. Vi må rekne med at dei høge prisane som vi har hatt i haust, vil vare gjennom vinteren. Og dei kan bli endå ein del høgare, seier Lund til NTB.

Tysdag orienterte han olje- og energiminister Marte Mjøs Persen (Ap) om situasjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lund understrekar at prisane nok vil svinge frå dag til dag.

– Men vi må innstille oss på ein vinter med svært høge kraftprisar, seier han.

(©NPK)