Her på fjellovergangen mellom Setesdal og Sirdal på Suleskarvegen blir det framleis brøytt 25. mai, sjølv om vegen skulle vore opna 20 mai. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix / NPK

NVE nedskalerer faren for storflaum i store delar av landet

Varmt vêr dei neste dagane gjer at NVE nedskalerer faren for storflaum i det meste av landet, men på sikt er faren likevel relativt stor.

– Varmt vêr den siste veka og i pinsehelga utan vesentleg nedbør er ei gunstig utvikling, for då får vi smelta unna ein god del snø utan at det blir dramatiske flaumnivå. Men kva som skjer vidare etter vêrvarselet på sju til ti dagar, kjem heilt an på korleis vêret blir då, seier direktør Hege Hisdal ved hydrologisk avdeling i NVE til NTB.

– Dersom ein køyrer ein prognose fleire veker fram i tid basert på korleis vêret var i tidlegare år, er det likevel framleis relativt stort sannsyn for stor vårflaum. Særleg i Nord-Noreg og elvar som drenerer høgfjellsområde i Sør-Noreg, er det stort sannsyn for større vassføringar, presiserer Hisdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko redusert flaumfare

For ei veke sidan meinte NVE det var 95 prosents sjanse for stor vårflaum i Nord-Noreg. Sannsynet for ein slik flaum i Aust-Noreg vart estimert til 75 prosent.

– Prosenten er nok framleis større enn normalt, men han er noko redusert. Det er særleg i dei elvane i Sør-Noreg der det har vore mykje snøsmelting no, seier Isdal.

Kan fort snu

Aamodt framhevar at vassdragssituasjonen ser lovande ut på kort sikt, men presiserer at vêret fort kan snu.

– Det ser ikkje ut å bli dramatiske situasjonar med store skadeflaumar. Vêrprognosane for dei neste sju til ti døgna viser at det ikkje blir regn i dei utsette områda. Dermed vil smeltinga av dei store snømengdene i fjellet gå gradvis, seier Aamodt til TV 2.