annonse

Norske hushaldningar kasta i snitt 411 kilo avfall per innbyggjar i fjor

: Illustrasjons (Foto: Colourbox)

Noreg: I fylgje Kommunal rapport låg den samla mengda hushaldningsavfall på 2 190 000 tonn i Noreg i fjor. Det er ein nedgang på 3,5 prosent frå året før.

Medan det per innbyggjar blei kasta 411 kilo avfall i fjor, var talet oppe på toppnivået 441 kilo i 2014.

Meir avfall enn tidlegare blei i fjor levert til materialgjenvinning. Det blei i alt levert 890 000 tonn avfall til materialgjenvinning i 2018, og 880 000 tonn året før.

Tala utgjer høvevis 41 og 39 prosent av samla mengde hushaldningsavfall dei to åra.

Blanda restfall utgjer 42 prosent av hushaldningsavfallet i 2018 – den klart største avfallstypen.

Andre store mengder er utsortert treavfall (13 prosent), papp (11 prosent), matavfall (9 prosent) og hageavfall (7 prosent).

Medan veksten i avfallsmengda i hushaldninga har stoppa opp og dels gått noko ned dei siste åra, har auken i forbruket fortsett, melder Kommunal rapport.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse