Høymole. Foto: Plantevernleksikonet / E. Fløistad, NIBIO / NPK

Noregs mest plagsame ugras spreier seg som aldri før

Eit våtare vêr og ei jord som blir stadig meir hardpakka er årsaka til at berykta ugras brer om seg som aldri før. Bønder fortviler.

Høymolen er nærmast umogleg å kvitte seg med og no ligg det an til at det berre vil bli enda meir av han, skriv NRK

– Viss eg skal si namnet på den vanskelegaste ugrasarten kjem Høymole på første plass, seier Lars Olav Brandsæter, professor i ugraskontroll ved NMBU til NRK.

Artikkelen held fram under annonsen.

Planten er godt tilpassa våt og pakka jord, noko vi vil sjå meir av dei neste åra.

I tillegg blir det færre bønder i Noreg, som gjer at bøndene som står att driv eit stadig større område. Då treng dei større maskiner som presser jorda ned og gjer ho hardpakka.

Den hardføre planten er spesialist til å vekse i eng og beite og 70–80 prosent av norsk landbruk er det.

Knut Alsaker i Norsk Landbruksforening seier til NRK at høymole er kjent som ei plante som har gode forhold for å utkonkurrere grasplantar når han har gode vekstforhold.

Dei anbefaler å sprøyte med ugrasmiddel for å få bukt med ugraset. I tillegg må jorda bli tørka mest mogleg opp før ein køyrer utpå.

(©NPK)