Regjeringa la fredag fram eit forslag til ny domstolsstruktur for å styrkje rettstryggleiken og gje eit betre tilbod i heile landet. Her justisminister Monica Mæland (H)Foto: Jil Yngland / NTB / NPK

Noreg får eit nytt domstolssystem

Regjeringa la fredag fram eit forslag til ny domstolsstruktur for å styrkje rettstryggleiken og gi eit betre tilbod i heile landet.

For å jamne ut forskjellane mellom domstolane, tilrår regjeringa å behalde alle rettsstadane ein har i dag, men utvide rettskrinsane til tingrettane og jordskifterettane.

– Vi ønskjer å styrkje dei lokale domstolane. Forslaget vårt vil føre til færre leiarar, fleire dommarar og auka fleksibilitet i kvar enkelt domstol. Det er gode nyheiter for dei små domstolane som har for få saker og ikkje får utnytta kapasiteten sin, seier justisminister Monica Mæland (H).

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho viser til at Riksrevisjonen beskriv situasjonen i domstolane som svært alvorleg. Organiseringa til domstolane fører til at nokre domstolar har for få saker og kort saksbehandlingstid, medan andre har mange saker og lang behandlingstid.

– Regjeringa foreslår å innføre ein hovudregel om lokal behandling av sakene. Det vil sikre framleis tilgjengelege domstolar der dei er i dag, og kompetansearbeidsplassar i distrikta, seier statsråden.

Viss begge partane i ei rettssak er samde om det, kan ei rettssak flyttast til ein annan rettsstad i rettskrinsen med kortare saksbehandlingstid.

– I forslaga for jordskifterettane er det teke utgangspunkt i dagens rettskrinsar, og ein del av desse blir foreslått slått saman. Alle rettsstadene blir foreslåtte halde oppe, seier landbruksminister Olaug Bollestad (KrF).

Særdomstolsutvalet har tilrådd at saker om barn ikkje bør behandlast i alle dagens domstolar, men samlast i større fagmiljø.

– Forslaget til regjeringa vil både sikre barn betre rettstryggleik og samtidig sørgje for at ingen får lenger reiseveg. Det er særleg viktig for barn som skal i retten, seier justisministeren.

(©NPK)

Les også
Er inne i dei siste eigedomsreparasjonane
Les også
Gunnar er ny jordskifterettsleiar i Øvre Telemark