Vi brukar om lag ein halv milliard kroner i året på utstyr til kjæledyra våre, ifølgje tal frå SSB. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB / NPK

Nordmenn brukar stadig meir pengar på utstyr til kjæledyr

Tal frå SSB viser at nordmenn brukte over ein halv milliard kroner i norske dyrebutikkar i 2020. Og det er kvinner som bruker mest.

Ifølgje tal frå SSB tener norske dyrebutikkar stadig meir, skriv NRK Sørlandet.

I fjor var den samla omsetninga på nærmare 1,7 milliardar kroner, og berre sidan 2016 har det auka med meir enn 500 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Agder Fôrsenter på Grim i Kristiansand har halde på i 31 år, og har hatt ein jamn vekst i kundar, men fortel at dei har merka ein auke den siste tida.Dei har inntrykk av at det har blitt fleire dyreeigarar no enn kva det var for nokre år sidan.

Også hos veterinæren har dei opplevd ein stigande etterspurnad. Laila Skjulestad er rehabiliteringsterapeut på Anicura Dyreklinikk Sørlandet, og seier at ho håper at dyreeigarar blir flinkare til å forsikre dyra sine.

– Det kostar. Nokre har gode forsikringar, andre må betale mykje frå eiga lomme. Det kan bli snakk om mange tusen kroner, seier ho.

Thomas Elvestad er marknadsdirektør i Klarna Norge, som tar seg av betaling til over 11.000 norske nettbutikkar.

Elvestad trur pandemien berre er ein liten del av grunnen til at folk brukar meir pengar på kjæledyr.

– Kjæledyr har blitt som familiemedlemmar, dei får meir utstyr og leiker. Eg trur trenden kjem til å halde fram, seier Elvestad.

Han legg til at tre av fire kroner som blir brukt i kategorien nettshopping for kjæledyr, er brukt av kvinner.

(©NPK)