Jakta har starta: Frå 10. august er det lov å felle rådyrbukkar.

No startar jaktsesongen

Haustens jaktsesong har gått i gang. Frå 10. august er det lov å fella rådyrbukkar.

– Jakt på hjort, rype og skogsfugl representerer jaktstart for veldig mange. Titusenar av jegerar dreg då til skogs og til fjells, seier fagsjef for jakt og fiske Jo Inge Breisjøberget i Statskog i ei pressemelding.

Den vanlege rådyrjakta startar 25. september, men allereie frå 10. august, er det lov til å fella hanndyr. Ein feller om lag 34.000 rådyr i Noreg kvart år. Dei fleste blir felte i Viken, Trøndelag, Agder og Vestfold og Telemark.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Rådyrjakt kan skje heilt inn mot byområde. Typiske jaktområde er kantsoner og i skogbelte ned mot dyrka mark. Det betyr at mange no vil få med seg at jaktsesongen er i gang, seier Breisjøberget.

Hjortejakta, som startar 1. september, er viktigast på Vestlandet, ifølgje pressemeldinga. Der blir om lag halvparten av dei 50.000 hjortane som blir felte i landet skotne. 10. september går rype- og skogsfuglejakta i gang. I eit normalår reknar ein med at over 60.000 jegerar jaktar fugl.

Elgjakta startar 25. september. Kvart år blir drygt 30.000 elgar felte i landet, fordelt på 60.000 jegerar.

(©NPK)

Frå 25. september er det lov å jakta på skogens konge, eller i dette tilfellet, skogens dronning. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK