Rekordmange har søkt seg til høgare utdanning i år, men ikkje alle er så heldige at dei kjem inn.Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK

No kjem svaret på kven som har fått studieplass

Rekordmange har søkt seg til norske universitet og høgskular i år. Tysdag får dei svar på om dei har komme inn.

Totalt har 154.000 søkt om studieplass – 3.304 fleire enn i fjor.

Siviløkonomutdanninga ved Noregs handelshøgskole (NHH) i Bergen har fått aller flest førstevalssøkjarar. 2.221 har søkt seg dit, medan det berre er 500 planlagde studieplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det nest mest populære studiet er toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger, ein nykommar fór i år. 2.064 personar har studiet som førstevalet sitt, medan det berre er 35 planlagde studieplassar.

Dermed må mange rekne med å bli skuffa.

Dei neste på lista over dei mest populære studiane er rettsvitskap ved Universitetet i Bergen og rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Restplassar tilgjengeleg!

Til hausten er det planlagt totalt 61.673 studieplassar, medan det altså er 154.000 søkjarar.

Alle som har søkt får svar på søknaden sin i hovudopptaket tysdag. Dei som blir tilbydde plass må svare innan 24. juli, viss ikkje mistar dei studieplassen.

For dei som ikkje har komme inn på eit studie, eller ikkje vil takke ja til tilbodet som har komme, kan ein restplass vere løysinga. Desse plassane vart det mogleg å søkje på frå måndag av, og det er kontinuerleg opptak. Det vi seie at ein må søkje så raskt som mogleg.

Lista over ledige studieplassar blir jamleg oppdatert, og det kan dermed komme nye studiar på lista i tida framover.

Måndag ettermiddag låg det plassar ute på 302 ulike studiar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Helsefag populært

Søkjartala i år viser at flest søkjer seg til helse- og sosialfagutdanning. Meir enn kvar fjerde søkjar har helsefag på topp, viss ein samanliknar dei ulike studiekategoriane.

Nesten ni prosent av alle søkjarane ønskjer å ta sjukepleiarutdanninga på ulike stader i landet. Sjukepleie er den utdanninga flest søkjer, med 13.370 førstevalssøkjarar til 5.145 studieplassar.

– Både sjukepleiarar og andre yrkesgrupper i helsetenesta har i over eitt år stått i førstelinja i kampen mot pandemien. Også i åra framover er vi heilt avhengige av fleire flinke folk som kan bidra inn i helse- og omsorgssektoren, sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) då søkjartala vart kjende i april.

(©NPK)