Kviteseid sentrum sett frå Møsasida.

No er det fleire innbyggjarar i Vest-Telemark enn det var ved årsskiftet

Både Kviteseid og Vinje kan vise til vekst i folketalet.

Det viser tala for fyrste kvartal som Statistisk sentralbyrå presenterte måndag.

I løpet av 2019 fall det samla folketalet i Vest-Telemark til under 14 000 innbyggjarar. Ved årsskiftet var talet 13 903.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter det fyrste kvartalet i 2020 kan både Kviteseid og Vinje glede seg over ein auke i folketalet. 17 nye innbyggjarar i Kviteseid utgjer 0,71 prosent auke.

Trenden i Kviteseid er positiv også om ein ser på utviklinga dei tre siste åra. I 2018 var det 2395 innbyggjarar etter fyrste kvartal, ved utgangen av 2019 var det 2403 – og no er det altså 2420 kviteseidingar.

I Vinje er dei nå igjen over 3700 (3702) innbyggjarar i kommunen. Det er 26 fleire enn det var ved årsskiftet, men fem færre enn det var for eitt år sidan.

For dei andre kommunane er utviklinga negativ, med unntak av i Seljord det var like mange innbyggjarar etter fyrste kvartal som det var ved årsskiftet (2888). Det er likevel 33 færre enn det var for eitt år sidan.

Størst nedgang i folketalet sidan nyttår er det i regionens minste kommune, Fyresdal. Her er det no registrert 1269 innbyggjarar, det er 18 færre enn ved årsskiftet. I Nissedal og Tokke er nedgangen høvesvis 4 og 3 innbyggjarar samanlikna med tre månader tidlegare.

Totalt er det 18 fleire vesttelar enn det var ved nyttår.

Om ein samanliknar med tala for ti år sidan ser ein at det i dag bur fleire personar i både Nissedal og Vinje enn det gjorde då.

Folketalsutvikling i Vest-Telemark
2010 1K2015 1K2019 1K1.1.20202020 1K
Seljord29812980292128882888
Kviteseid 25062457240224032420
Nissedal14041438146914481444
Fyresdal13661311128312871269
Tokke23302254221722012198
Vinje36613692370736763702
Totalt1424814132139991390313921