Nav byrjar i neste veke å krevje tilbakebetaling av forskot på dagpengar.Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

No byrjar Nav å krevje tilbake forskot på dagpengar

Frå tysdag neste veke sender Nav ut krav om tilbakebetaling frå dei som har fått forskot på dagpengar. Nav seier at dei vil leggje opp til fleksibilitet.

– Tilbakebetalinga av forskotet er utsett til no fordi mange har vore, og framleis er i, ein økonomisk vanskeleg situasjon på grunn av koronakrisa. Vi vil derfor gjere tilbakebetalinga så fleksibel som mogleg og trekkjer 15 prosent av kvar utbetaling av dagpengar inntil forskotet er nedbetalt, seier økonomi- og styringsdirektør Marianne Fålun i Nav i ei pressemelding.

I alt 185.000 personar har sidan innføringa 1. april nytta seg av ordninga der ein kunne søkje om forskot på dagpengar fram til dagpengesøknaden vart behandla. I snitt skal kvar av desse betale tilbake 20.000 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordninga vart innført etter at Nav opplevde ein stor auke i dagpengesøknadene i samband med at mange vart permitterte og mista jobben då landet stengde ned i mars.

Frå 1. september vil Nav byrje å sende ut fakturaer med krav om tilbakebetaling. Nav vil først be om tilbakebetaling av forskot frå dei som framleis er arbeidsledige og får dagpengar og har fått lønnskompensasjon.

– Viss nokon ønskjer redusert prosentsats, auka prosentsats eller utsetjing, er det mogleg å gi oss beskjed om det, seier Fålun i Nav.

Nav vil ikkje be om tilbakebetaling av forskot før lønnskompensasjon er utbetalt og vedtak om dagpengar er motteke.

Permitterte og arbeidsledige som ventar på å få behandla søknaden sin om dagpengar, kan framleis søkje om forskot.

(©NPK)