Nissedalpolitikarane lovar 650 000 til frivilligsentralen

Eit samrøystes Nissedal kommunestyret stør forslaget frå rådmannen om å gje garanti for at frivilligsentralen i Treungen får like høgt offentleg tilskot i 2021 som i år.

Regjeringa vil endre tilskotsordninga til frivilligsentralane, slik at frå 2021 blir det statlege tilskotet til dømes til Nissedal frivilligsentral redusert frå 416 000 kroner til bare 55 000 kroner.

– Ei slik endring vil vere dramatisk for vidare drift av Nissedal frivilligsentral, og frivilligsentralen har bede om ei avklaring korleis kommunen vil forhalde seg til den vedtekne omlegginga av finansieringsordninga, skriv sakshandsamar og økonomisjef Jarle Bruun Olsen til kommunestyret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Garanti: Frå 2021 vil regjeringa redusere kraftig på statleg støtte til mellom anna frivilligsentralen i Treungen. Nissedal kommunestyre garanterer at sentralen skal få like mykje i offentlege midlar neste år som i 2020.

– Framtida vår er usikker, vi treng å ha det føreseieleg for å vite om vi kan tilby varme møteplassar i 2021. Stillinga som dagleg leiar har oppseiingstid, og vi har husleigekontrakt med oppseiingstid. Utan offentleg støtte tilsvarande det vi får i dag må sentralen leggast ned, skriv dagleg leiar Renate Hassel og styreleiar Inger Stokstad i frivilligsentralen til Nissedal kommune.

I tillegg til årets statlege tilskot på 416 000 kroner til Nissedal frivilligsentral, er kommunen inne med ein sum på 234 000 kroner. Med det ferske vedtaket i kommunestyret garanterer kommunen at frivilligsentralen får 650 000 kroner også neste år, ein sum kommunen løyver om det ikkje skjer ei kuvending frå regjeringa.

Snart blir revidert nasjonalbudsjett lagt fram, og fleire nissedalpolitikarar håpar då at regjeringa har endra syn slik at til dømes frivilligsentralen i ein liten kommune som Nissedal framleis får eit viktig økonomisk statleg bidrag.

Elles i kommunestyret kom det fram skryt til den gode drifta av frivilligsentralen, som held til i eit lokale under Spar-butikken i Treungen.

Les også
Fryktar kroken på frivilligsentral-døra
Les også
Frivilligsentralane: – Katastrofe om det blir kroken på døra
Les også
Krev stopp i omlegging av tilskotet til frivilligsentralar