Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa forlenger dei drastiske koronatiltaka til etter påske. Avgjerda får støtte av 90 prosent av det norske folket, viser ei fersk måling. Her då ho møtte pressa etter at koronalova var behandla av Stortinget. Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Ni av ti støttar vidareføring av koronatiltak

Regjeringa forlenger dei drastiske koronatiltaka til etter påske. Avgjerda får støtte av 90 prosent av det norske folket, viser ei fersk måling.

6 prosent av dei spurde svarte at dei ikkje støttar vidareføringa av dei nasjonale tiltaka, medan 4 prosent ikkje hadde noka meining. Det viser tal frå Norsk koronamonitor frå Opinion.

Til saman vart 735 nordmenn intervjua tysdag. Tidlegare på dagen kunngjorde regjeringa mellom anna at barnehagar, skular og universitet blir haldne stengde fram til 13. april og at hyttepåsken blir avlyst.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg blir nordmenn oppmoda til å ha heimekontor og unngå kollektivtransport i den grad det er mogleg.

Samtidig blir råda skjerpa om kor stor avstand vi skal halde til kvarandre. Tilrådinga er éin meters avstand i det offentlege rommet og to meter innandørs, men det gjeld ikkje dei som bur saman.

Seniorrådgivar Ola Gaute Aas Askheim i Opinion meiner svara viser ei solid tillitserklæring frå det norske folket til regjeringsvedtaket.

– Vi må likevel studere dette over fleire dagar framover for å kunne vurdere støtta til avgjerda til regjeringa totalt sett. Mange nordmenn har truleg behov for ta inn over seg kva dette betyr i praksis, seier han.

(©NPK)