Hemsedal er ein populær hyttekommune. Illustrasjonsfoto: Berit Keilen / NTB scanpix / NPK

NHO meiner hyttekommunar må få meir statlege kroner

Kommunar får ikkje statlege pengar basert på kor mange hytteinnbyggjarar dei har, men tilreisande har krav på mykje av dei same tenestene som fastbuande. NHO meiner det er på tide å sjå på fordelinga.

– Ein kommune utan hytter med 200 innbyggjarar, får omtrent det same i overføringar som ein kommune med 200 innbyggjarar og 40.000 hytteinnbyggjarar, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, til NRK.

Ho trur folk i framtida vil bruke hyttene sine endå meir. Krohn Devold meiner derfor det er på tide å sjå på korleis staten fordeler pengar kommunane skal bruke på infrastruktur og offentlege tenester.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det bør vere ein betre balanse mellom kor folk oppheld seg, og kor dei legg igjen pengane sine og også kva tilbod kommunane er i stand til å gi sine hytteinnbyggjarar, seier ho.

Statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Raymond Robertsen (H), seier det å endre på statlege overføringar basert på kor folk oppheld seg, er vanskeleg.

– Vi har ikkje noko system som registrerer kor folk oppheld seg til kvar ei tid, og det er ikkje sikkert at vi ønsker å ha eit slikt system heller, seier Robertsen.

(©NPK)