To barn sit ved eit bord med treprodukt under eit telt.
Martine Gardsteig Kostveit og Miriam Hustveit Tjønn – med heimelaga kjeks og trefjøler.

Neste år er det ti år sidan det fyrste gongen blei invitert til marken ved skulestoga

– Ein triveleg Jonsåkermarken, melder Signe Kostveitom helgas samling. 

Publisert

Det er Signe og Aslaug Kostveit som i snart ti år har invitert til markensdag ved skulestoga på Kostveit. Laurdag samla dei folk igjen. 

– Det blei ein triveleg marken. Kanskje blei nokon litt skremde av vêrmeldinga for det var litt færre utstillarar og frammøtte, seier Kostveit. 

Ustillarane som var der baud på heimelaga drops, kjeks og smykker. Det var også både trearbeid, knivarbeid, saueskinn, køyretøy, strikka ting og elles gamle brukte skattar. 

Kostveit ynskjer å rette ein stor takk til alle utstillarane og dei var med å rigga til og rydda etterpå. 

Powered by Labrador CMS