Nytt kontor: Nav Vest-Telemark sitt kontor i Seljord flyttar kontor og inngang litt tettare på hovudinngangen til kommunehuset.

Nav inn i nye lokale i Seljord

Frå og med 17. september endrar Nav Vest-Telemark opningstidene ved det nye kontoret i Seljord. Då vil det berre vere drop-in-tilbod på torsdagar.

Dei nye lokala til Nav, rett ved hovudinngangen til kommunehuset i Seljord, er straks klare for opning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er endring i opningstidene hos alle Nav-kontora i Vest-Telemark, og høvet til å berre stikke innom i kommunane er delt på ulike dagar.

Ved kontoret i Tokke er det drop-in på måndag og torsdag, i Vinje, Kviteseid og Fyresdal kan ein stikke innom kontoret på tysdagar, medan i Seljord er det høve til å ta turen innom kontoret på torsdagar.

Om ein treng akutt hjelp for kommunale tenester kan ein nå Nav på telefon eller via nettsida deira, informerer dei på døra til kontoret i Seljord.