Fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård la fram stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan fredag.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Nasjonal transportplan vil bruke mindre pengar per år

Regjeringa vil bruke 1308 milliardar kroner på vegar, bruer og jernbane og andre samferdselsprosjekt dei neste tolv åra – mindre per år enn i førre NTP.

Det skal hentast inn 100 milliardar kroner i bompengar, medan 1208 milliardar kroner er statlege midlar. Det gjekk fram av Nasjonal transportplan, som vart lagt fram fredag.

– Vi legg opp til litt mindre samla vekst i dei årlege løyvingane enn førre NTP. Det er i tråd med det vi tidlegare har varsla, sa samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) då han la fram planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

40 prosent, eller 484 milliardar kroner, går til vedlikehald og fornying av eksisterande infrastruktur.

Skyv på storprosjekt

Nygård framheva at ein må gjere tøffe prioriteringar framover.

– Vi skal byggje nytt der det er nødvendig, og ta betre vare på det vi allereie har, sa han.

Nygård understrekar det regjeringa tidlegare har varsla, nemleg at det ikkje vil bli rom for å prioritere dei store prestisjeprosjekta.

– Vi har valt å skyve på nokre store prosjekt som kostar svært mykje for å frigjere handlingsrom til fleire prosjekt i heile landet, seier samferdselsministeren.

Regjeringa vil setje av:

* 574 milliardar kroner til riksvegar. 235 milliardar kroner går til drift, vedlikehald, og mindre investeringar.

* 436 milliardar kroner til jernbane. Av dette går 205 milliardar kroner til drift, vedlikehald og mindre investeringar.

* 65 milliardar kroner til fylkesvegane. Opprusting og skredsikring er prioritert.

Artikkelen held fram under annonsen.

* Byvekstavtalane blir forlengde. Det blir sett av 88 milliardar kroner.

* 34,2 milliardar kroner til farleier, hamnar maritime tenester.

* 5,5 milliardar kroner til luftfart.

* Ein pott på 600 millionar kroner til å ruste opp 14 bruer som er kritisk for militær mobilitet.

Vedlikehald på jernbanen

Også innan jernbanen skal ein prioritere mykje pengebruk på infrastruktur vi allereie har. Nesten halvparten av pengane går til vedlikehald og oppgraderingar og liknande. Dette vil føre til færre forseinkingar og innstillingar, meiner Nygård.

– Auka trafikk og gammal infrastruktur fører til at talet på forseinkingar og innstillingar er for høgt. Vi skal framleis byggje nytt, men framover prioriterer vi å vri innsatsen til fordel for vedlikehald, fornying og mindre investeringar, seier han.

Vil utvide byvekstavtalar

Regjeringa vil også sjå på om byvekstavtalane skal utvidast. Dagens avtalar skal forlengjast, og på sikt er det aktuelt å inngå avtalar med Buskerudbyen og Grenland. Tilskot til fem mindre byar blir forlengt over heile perioden.

Nygård meiner dette er det viktigaste verkemiddelet til regjeringa for å utvikle god mobilitet og framkomme, mindre lokal forureining, støy og klimagassutslepp. Også her vil regjeringa prioritere eksisterande infrastruktur.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Restriktive tiltak mot biltrafikk og meir fortetting rundt knutepunkt er lokale verkemiddel som blir endå viktigare for å nå nullvekstmål framover, seier han.

Transportplanen tek også for seg tiltak for å kutte klimautslepp og redusere naturinngrep. For første gong er det inkludert eit anslag for beslaget av areal i prosjekta, ifølgje samferdselsministeren.