Litt over 6 prosent av 5-åringane i barnehagen har vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Når dei same barna byrjar på skulen, fell delen til 3,7 prosent.Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nær dobbelt så mange får ekstra støtte i barnehagen som i 1-.klasse

Litt over 6 prosent av 5-åringane i barnehagen har vedtak om spesialpedagogisk hjelp. Når dei same barna byrjar på skulen, fell delen til 3,7 prosent.

Det kjem fram av Utdanningsspeilet 2019 som Utdanningsdirektoratet har lagt ut.

Ifølgje direktoratet kan noko av årsaka vere at det tek tid før utfordringane til eit barn kjem til syne og at noko av hjelpa i barnehagen blir sett inn som skuleførebuande tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur nokre tenkjer at problemet kanskje forsvinn på skulen i ei ny setjing, men ofte blir det berre forsterka, seier førsteamanuensis Heidi Omdal ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Agder til Utdanningsnytt.

Ho viser til at barna ikkje automatisk får med seg ressursane dei hadde i barnehagen over i skulen, sidan PP-tenesta må gjere ei ny sakkunnig vurdering når barna kjem inn i skulen.

Omdal peikar på at det ved overgang til skulen skal vere overføringsmøte mellom barnehage og skule for barn med særskilde behov.

– Men det varierer nok veldig kor godt dette blir organisert og fungerer, seier Heidi Omdal, som forskar på og underviser i spesialpedagogikk.

Delen barn som får vedtak om hjelp, veks jamt og trutt gjennom barnehageløpet, og det same skjer i skulen. På 1. trinn får 3,6 prosent av elevane vedtak om spesialpedagogisk hjelp, medan det veks til nærare 10 prosent av elevane på 7. trinn.

(©NPK)