– Nå trekkjer dyra. Ver merksam når du ferdast langs vegen

Landbruksrådgjevar i Kviteseid, Audun Aasmundtveit, bed folk vere generelt merksame på at dyr kan trekkje ut i vegen, og håpar å få på plass varselskilt på utsette strekningar.

Landbruksrådgjevaren fortel at det blei påkøyrd ein elg i Brunkeberg førre fredag.

– Elgen stakk til skogs att, og utan teikn til skade blei den ikkje funnen att etter ettersøk, seier Aasmundtveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag kveld kom ei ny melding om påkøyrsle.

– I halv ellevetida blei det påkøyrd ei elgkyr ved Morgedalstjønni. Elgen blei avliva i vegen etter kort tid, men denne har nok ein kalv som går att i området, seier Aasmundtveit.

Han legg til at det i båe tilfelle av påkøyrslar utruleg nok gjekk utruleg bra med folka i bilane.

– Men det var store materielle øydeleggingar, seier landbruksrådgjevaren.

Han håpar no at dei får skilta spesielt utsette strekningar.

– Kveldane blir mørkare og dyra trekkjer meir i tida framover. Eg håpar folk er generelt oppmerksame når dei ferdast langs vegane, oppmodar Aasmundtveit.