Kan søke: Tokke skule er ein av skulane som kan søke på pengar for å kjøpe inn utstyr til meir praktisk undervisning.

Nå kan skulane få tilskot for å jobbe meir praktisk. – Svært gode nyhende då det trengst meir praktisk jobbing med faga i skulen

Kommunar kan nå få til saman 127 millionar kroner til å kjøpe inn utstyr til meir praktisk undervisning.

– Altfor mange barn og unge fortel at dei ikkje er motiverte og at dei kjedar seg på skulen. Me vil ha meir praktisk og variert læring fordi elevar lærer best på ulike måtar. I ein meir praktisk og variert skule, vil motivasjonen auke og elevane vil kunne lære meir, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.

Nå kan nemleg alle kommunar søke om ekstra pengar til å kjøpe inn utstyr for å gjere skulekvardagen til elevane meir praktisk, relevant og utforskande. Pengane blir delt ut som eit øyremerka tilskot fordelt etter elevtal på 5.- 10. trinn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunane må søke hos Utdanningsdirektoratet, og summen dei kan søke på er fordelt etter kor mange elevar kommunen har. Nesten fire millionar kroner kan gå til heile Telemark, medan summen er 357 000 kroner for Vest-Telemark.

Dette kan kommunane i Vest-Telemark søke om:

Fyresdal 34 000

Kviteseid 52 000

Nissedal 40 000

Seljord 82 000

Tokke 54 000

Vinje 95 000

Ønsker meir praktisk undervisning

Ifølge kunnskapsministeren ønsker mange lærarar å få til meir praktisk læring i alle fag, men manglar ofte utstyre eller arenaene dei treng for å gjere dette.

– Me veit at lærarar ønsker å ha meir praktisk og variert opplæring, men at dei ofte manglar utstyret som er naudsynt. Det gjer me noko med, seier Nordtun.

Stortingsrepresentant frå Telemark Senterparti, Åslaug Sem-Jacobsen, meiner også dette er eit godt tiltak.

Nøgd: Stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen frå Telemark meiner dette er gode nyhende då det trengst meir praktisk jobbing med faga i skulen.

– Dette er svært gode nyhende då det trengst meir praktisk jobbing med faga i skulen, noko me i Senterpartiet har jobba for i mange år. For Vest-Telemark sin del skulle eg ønskt at summen å søke på var endå høgare, men summane er fordelt etter talet på elevar og vil uansett gje kommunane i Vest-Telemark moglegheita til å ruste opp utstyret skulane deira har. Det kan for eksempel vere på kjøkkenet eller til utetimane i naturfag, samt utstyr som kan stimulere og motivere elevane innanfor kunst og handverk, seier ho.

– Ei styrking på meir praktisk retta skule vil kunne gje elevar som ikkje er så gode teoretisk til å oftare kjenne på meistring. Og meistringskjensle har mykje å seie for motivasjonen til å gjere ein god innsats på skulen. Å vita at ein kan noko og er god til noko gjer det mykje for å styrke unge menneske sitt sjølvbilde og sjølvtillit, og eg synest det er bra at meistringskjensle ikkje berre er for dei som er gode teoretisk på skulen. For i samfunnet dei unge skal tre inn i seinare i livet så er det behov for mange typar eigenskapar, også praktiske, legg ho til.