Offisiell opning: Birgitte Gulla Løken frå Telemark regionalpark ( t.v.) held snora saman med Elisabeth Lid, næringssjef i Kviteseid medan Truls Vasvik, leiar i hovudutvalet for næring og reiseliv i Vestfold og Telemark fylkeskommune og ordførar Bjørn Nordskog med kvar si saks fekk klippe snora.

Nå kan ein overnatte i padlehuk i Ågapet

Ein arkitektteikna padlehuk er nå på plass i Ågapet i Kviteseid.

– Kall det gjerne ein gapahuk, seier Kviteseid-ordførar Bjørn Nordskog.

Han var i dag på den offisielle opninga av padlehuken i Kviteseid. Her var mellom anna representantar frå Vestfold og Telemark fylkeskommune, Telemarkskanalen regionalpark og Vestfold og Telemark padlelei.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om padlarane ikkje kjem, kjem dei andre, seier Bjørn Nordskog.

Han meiner padlehuken vil vera fin i både skule- og tursamanheng og viser til turløypa rundt Ågapet. I tillegg til å ha det som ein samlingsstad eller stoppestad på tur, er det også høve til å overnatte der gjennom heile året. Det vil vera ein enkel grill der, og kanskje kjem det også ein bålplass.

– Denne må opplevast både seint og tidleg, seier Nordskog om padlehuken.

– Her kan ein sitje i le, og padlehuken glir fint inn i terrenget, held han fram.

Kommunen og Kviteseid jeger og fisk vil ha ettersyn på plassen, og ordføraren oppmodar folk om å halde det reint og ryddig.

Padlehuken er ein av fleire padlehukar som blir sett opp i Telemarkskanalen regionalpark. Også på Lindeviki i Tokke vil det vera ein padlehuk.

Sklir inn i terrenget: Padlehukane er teikna av arkitektselskapet Biotope.

Då Padleled Vestfold opna sommaren 2018 kunne padlarar juble for 622 kilometer graderte padleruter frå Svelvik i nord til Larvik i sør. Då Vestfold og Telemark blei eitt fylke, ville fylkeskommunen utvide padleleia langs heile kysten – heilt ned til Kragerø. No er også øvre del av det som var Telemark fylke blitt kopla på ved å etablere innlandsruter i Telemarkskanalen.

– Med nye padleruter håper me eit alt populært tilbod vil freiste endå fleire innbyggarar og tilreisande til å hoppe i kajakken for å oppleve det innhaldsrike fylket vårt, uttala Maja Foss Five, leiar for hovudutvalet for kultur, folkehelse, tannhelse og idrett i vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Opning: Næringssjef Elisabeth Lid og ordførar Bjørn Nordskog.