Nå held arbeidet med å oppgradere fylkesvegen fram

I september startar oppgraderinga av fylkesveg 355 i Fyresdal. Det er om lag 3,2 kilometer mellom Gråndalen og Momrak som skal bli oppgradert.

Arbeidet går i all hovudsak ut på å forsterke berelaget i vegkroppen. Hensikta med oppgraderinga er å auke levetida på asfalten, som i dag har skader hovudsakleg grunna dårleg berelag, melder Vestfold og Telemark fylkeskommune i ei pressemelding.

– I samband med oppgraderinga vil me også utbetre siktsoner, sørge for at det er tilstrekkeleg sideareal og dessutan noko meir rekkverk på strekninga. Dette gjer me for å vareta trafikktryggleiken, då betre veg ofte fører til at trafikantane aukar hastigheita noko, skriv fylkeskommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medan arbeida pågår vil trafikken gå i eitt køyrefelt forbi arbeidsstaden. Dette vil skje delvis ved lysregulering og delvis med trafikkdirigent. Dette inneber at det kan bli noko ventetid på staden. Kor lenge vil variere ut frå kva slags arbeid som pågår. Ved sprenging kan vegen bli helt stengt i korte periodar.

Det er entreprenørane Haugo Maskin og Bertelsen og Garpestad AS som skal utføre jobben.

Les også
Dei tre brørne voks opp med gravemaskin-prat døgnet rundt. – Eg starta vel å pigge med gravemaskin i sandkassa alt i barnehagen

Etter planen skal prosjektet vere ferdig i løpet av hausten 2023. Då leggjast det eitt lag asfalt, som vil supplert av ytterlegare lag i 2024, for å sikre at eventuelle setningar kan rettast opp.