Tunnel: Mælefjelltunnelen Foto: Else Børte

Nå blir det fartsmåling i Mælefjelltunnelen

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) stadfestar at det no blir gjennomsnittsmåling i Mælefjelltunnelen.

Gjennomsnittsmåling blir tatt i bruk i Mælefjelltunnelen og Ålesundstunnelane når nødvendig skilting er på plass, opplyser Samferdselsdepartementet i ei pressemelding onsdag.

– Me har lytta til bekymringane som har kome i samband med høg fart i tunnelane, og me har lytta til dei faglege råda me har fått. Eg er glad for at me nå får gjennomsnittsmåling så snart som mogleg, seier Hareide i pressemeldinga.

Det er Statens vegvesen som har søkt om å få gjennomsnittsmåling. Både Seljord og Hjartdal kommunar har trykt på for dette etter mange kontrollar som viste at mange køyrde altfor fort gjennom tunnelen. I pressemeldinga kjem det fram at det i Mælefjelltunnelen jamleg blir målt fart på meir enn 200 kilometer i timen.

– Med auka ulykkesrisiko som følge av dokumentert høg gjennomsnittsfart og hyppige brot på fartsgrensa, er vurderinga av alternative verkemiddel at streknings-ATK er det beste og mest kostnadseffektive trafikktryggleikstiltaket i desse tunnelane. Tunnelulykker har som kjent svært alvorleg skadepotensial, seier samferdselsministeren.

Les også
Høg fart kan føre til automatisk trafikkontroll i Mælefjelltunnelen
Les også
Politikarane ynskjer automatisk trafikkontroll
Les også
Politiet: – Det er trist om det må skje ei dødsulykke før noko skjer
Les også
Torsdag blei ein bilist målt til 204 kilometer i timen gjennom Mælefjelltunnelen