Maren Johnsen Haugen (t.v.) og Nina Johnsen Haugen er glade for å kunne spreie jolestemning gjennom song.
Maren Johnsen Haugen (t.v.) og Nina Johnsen Haugen er glade for å kunne spreie jolestemning gjennom song.

– Mykje av musikken eg har skrive kjem frå den vanskelege tida

Systrene Nina (17) og Maren Johnsen Haugen (14) har hatt mykje glede av musikk. No gler dei andre med sine musikalske talent.

Dei musikalske systrene har sidan dei har vore små hatt ein sterk lidenskap for musikk. Det er mor, Bente Johnsen Haugen, som i hovudsak har vidareført den store interessa for musikk.

– Store delar av familien til mamma held på med musikk, så ho inntroduserte oss tidleg for det. Mamma sitt store idol, Michael Jackson, har på mange måtar blitt vår store helt òg, seier Nina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Musikk som terapi

Spesielt Maren viste tidleg ei sterk interesse og talent for musikk.

– Maren byrja å synge då ho kom ut ho, seier Bente og ler.

Allereie i 6-årsalderen inviterte Maren resten av familien på intimkonsertar på soverommet. I 4. klasse var ho med på å starte bandet «High fives».

Dei to systrene har framført på fleire lokalarrangement. Her med kulturskulerektor Anders Blystad.
Dei to systrene har framført på fleire lokalarrangement. Her med kulturskulerektor Anders Blystad.

– Det bandet har me framleis, og me har delteke på UKM i tre år no. Alle åra har me kome vidare til regionsfinalen i Porsgrunn. Det har vore utruleg morosamt, seier Maren.

Barndomen til Maren har ikkje alltid vore like enkel. På barneskulen blei ho mykje mobba.

– Det var veldig vanskeleg, men eg er veldig glad for at eg då hadde musikken. Den blei ei veldig god trøyst for meg. Eg har skrive ein del songar, og mykje av inspirasjonen kjem frå den vanskelege tida. Eg har det betre no. Den vesle ulempa med det er at det no har blitt litt vanskelegare å skrive gode tekstar, ler Maren.

Inspirert av systera

For Maren kom det å opptre naturleg, utan særleg mykje nervar. Storesyster Nina syntest det å synge framfor eit publikum var litt skumlare.

– Eg song på skulen for fyrste gong då eg gjekk i 9. klasse. Då spurte Maren om eg ville bli med på nummeret hennar. Eg hugsar at eg synest det var litt skummelt, men eg er veldig glad for at ho overtalte meg til å bli med, fortel Nina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sidan den gong har songsystrene opptredd mykje saman, både i regi av kulturskulen og på skuleframsyningar. Dei finn ein tryggleik i det å framføre saman.

– Det er trygt å ha nokon å opptre saman med på scena, seier Nina.

For nokre år sidan fekk dei Heidi Loddengaard Lofthus som vokallærar. Det har ifylgje dei sjølve betydd mykje for utviklinga deira.

– Ho har hjelpt oss veldig mykje. Det med å få ein god klang i stemma og synge med magen er noko me har arbeidd mykje med. Ho har vore utruleg viktig for oss, seier Nina.

Tilbod frå Liverpool

Songtalentet til dei to systrene er udiskutabelt. Det er noko fleire no har fått med seg. Øyvind Kili har latt seg begeistre over songformidlinga, og har tatt kontakt med musikkprodusenten Anders Johnsen frå Seljord. Han arbeider no i eit selskap i Liverpool, og har sagt han gjerne vil spele inn nokre av songane til dei to systrene frå Særensgrend.

– Me blei utruleg glade då me fekk høyre det, men det kjennest ikkje heilt verkeleg enno, seier Nina.

Tidspunktet er ikkje heilt fastsett enno, for det må passe med skulegangen til dei to jentene.

– Me veit ikkje heilt når det blir, men at det blir noko, det er heilt sikkert, seier Bente tydeleg stolt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jolestemning

Dei seinare åra har jentene hatt fleire konsertar også utanfor kulturskulens regi, og desember er månaden dei er travlast.

– Me har mykje konsertar no. Det er med på å sette stemninga for tilskodarane, men òg for oss. Mange av konsertane er på helsesenter i nærleiken. Mange der vil ikkje få ei tradisjonell jolefeiring, difor synest me det er så fint å kanskje kunne gjere det litt trivelegare med litt jolesong, seier Nina.

– Eg arbeider på Tokke omsorgssenter og på tysdag var Maren med meg på arbeid. Då spurde eg om ho kunne finne fram gitaren for å synge litt for dei som var der. Då ho byrja å synge på jolesongane byrja enkelte å synge med, og nokre tok til tårene. Det viser krafta og betydninga musikken kan ha for folk. Det var eit fantastisk og rørande augneblikk, seier Bente.